Vedtekter

for

Blandakoret Vivace

Revidert 10.06.88, 10.03.96, 18.02.99, 26.01.06, 25.08.08, 16.03.09, 11.01.10, 23.12.10, 20.01.11, 25.01.13, 25.01.16

og

Permisjonsreglement

Blandakoret Vivace vart stifta januar 1980.

Koret er tilslutta Norges korforbund og NK Rogaland.

Innhald:

§ 1 Målsetting

§ 2 Medlemskap

§ 3 Årsmøte

§ 4 Styret

§ 5 Val av songar / noter

§ 6 Valkomité

§ 7 Konsert / arrangement / turar

§ 8 Økonomi

§ 9 Oppløysing

§ 10 Vedtektsendring

Permisjonsreglement

§ 1

Målsetting

1.1.1 MUSIKALSK

Koret har som målsetting

  1. å utvikla kormedlemmane til å verta dyktige songarar ut frå den einskilde medlemmen sine evner og anlegg. Medlemmane får då ein meiningsfull og stimulerande fritidsaktivitet.
  2. å ha eit allsidig repertoar
  3. å arbeida mot eit høgt fagleg/musikalsk nivå i koret
  4. å utvikla medlemmane si forståing og oppleving av musikk som allmennmenneskeleg og kunstnarleg uttrykksform

1.1.2 SOSIALT

Koret har som målsetting

  1. å utvikla enkeltmedlemmen sitt ansvar for koret
  2. å utvikla miljøet/kormiljøet slik at alle kjenner samkjensle,
  3. tryggleik og trivsel

1.1.3 OPPGÅVER

Koret si målsetting kan oppnåast ved:

  1. faste øvingar
  2. helgeseminar
  3. konsertar (eigne konsertar/gjesteopptreden)
  4. turnear (i inn- og utland)
  5. sosiale tilstellingar
  6. ved å ha eit best mogeleg musikalsk/sosialt miljø i koret kan ein sikra jamn rekruttering.

§ 2

Medlemskap

2.1 Alle song interesserte som vil føya seg etter og respektera koret sine vedtekter, kan verta medlemmar.

Nedre aldersgrense er 18 år, inga øvre aldersgrense. Den enkelte korist har like fullt ansvar for å tre tilbake den dagen ein ikkje lenger kan bidra til å oppretthalda den musikalske kvaliteten i koret. Likeeins kan styret, i samråd med dirigent, oppfordra koristar til å slutta ut frå musikalske grunnar.

2.2 Koret ventar at alle medlemmane syner ansvar i forholdet til koret og kvarandre. Dette vil seia at alle møter opp og er aktive på øvingar og arrangement dersom ein ikkje har rimeleg grunn til fråvære. Fråvær skal meldast frå om til eit styremedlem eller dirigent.

2.3 Alle medlemmene pliktar å vera aktive i organisasjonsarbeidet og kan veljast til alle tillitsverv.

Ingen kan nekta å stilla til val utan rimeleg grunn.

2.4 Styret kan, i samråd med dirigenten avgrensa talet på medlemmar i koret. Dette skjer ved at ein ikkje tek opp nye medlemmar.

2.5 Medlemskapen for eit år, vert rekna frå og med haust – til og med vårsemesteret.

2.6 Medlemmane er solidarisk ansvarlege for dei forpliktingane koret får etter lovleg fatta vedtak i styret, årsmøtet eller koret.

§ 3

Årsmøte

3.1.1 Årsmøtet er koret sitt høgaste styringsorgan.

Årsmøtet skal haldast kvart år i januar/februar.

3.1.2 Ekstraordinært årsmøte kan finna stad om styret finn det naudsynt, eller om minst 1/4 av medlemmane krev det. Kravet om ekstraordinært årsmøte må vera skriftleg og underteikna av alle dei som krev det.

3.2 8 veker før årsmøtet skal styret senda skriftleg melding om dette til medlemmane. Saker ein vil ha handsama på årsmøtet, må vera styret i hende 4 veker før årsmøtet.

Endeleg sakliste med innkomne saker og styret si innstilling skal sendast medlemmane 14 dager før årsmøtet.

Valkomiteen si innstilling skal følgja vedlagt.

3.3 Saklista til årsmøtet skal vera som følgjer:

- A Godkjenning av innkalling

- B Godkjenning av saklista

- C Val av møteleiar

- D Val av to referentar

- E Val av 3 personar til teljekorps

- F Årsmelding

- G Revidert rekneskap

- H Fastsetjing av kontingent

- I Budsjett

- J Innkomne saker

- K Val

To kormedlemmer skal underskriva referatet frå årsmøtet.

3.4 Årsmøtet skal velja følgjande:

  1. Leiar (ved særskilt val) for 1 år
  2. 4 styremedlemmar for 2 år (2 av desse står på val kvart år)
  3. 4 medlemmar til musikkgruppa, alle for 2 år

Styremedlemmar skal spørjast om og bli valde til spesifikke verv i styret. Desse er:

  1. nestleiar
  2. sekretær
  3. kasserar
  4. arrangementleiar
  5. 2 varamedlemmar for 1 år
  6. 1 medlem til noteutval for 1 år
  7. 2 revisorar
  8. 3 medlemmar til valkomité

3.5 Alle som har betalt kontingent for inneverande driftsår, har røysterett.

3.6 Årsmøtet kan også oppnemne særutval og fastsetje mandat for desse. Val og avstemming på årsmøtet skal vera skriftleg dersom det vert kravd. Sakene kan avgjerast med simpelt fleirtal, dersom ikkje anna er vedteke i vedtektene. I tilfelle like mange røyster nyttar ein loddtrekning.

§ 4

Styret

4.1 Styret består av:

  1. Leiar
  2. Nestleiar
  3. Sekretær
  4. Kasserar
  5. Styremedlem

4.2.1 Dirigenten og 1. varamedlem skal innkallast til alle styremøter. Dei møter med tale og forslagsrett, ikkje stemmerett.

4.2.2 Ved konstituering skal styret velja sin representant som skal møta i noteutvalet.

4.3 Det skal kallast inn til styremøte når leiaren eller når 1/3 eller fleire styremedlemmane finn det naudsynt.

4.3.2 Styret kan fatta vedtak når halvparten eller fleire av styremedlemmane er til stades, mellom desse leiar eller nestleiar.

4.4 Underskrifta til leiar, eller dersom han/ho ikkje er til stades, 2 av styremedlemmane, er forpliktande for koret.

4.5 Styret kan kalla inn andre medlemmar, eller representantar for utval og komitear til styremøte, men desse har ikkje stemmerett.

4.6 Styret skal føra møteprotokoll som alle kan få lesa.

Styret har informasjonsplikt.

§ 5

Val av songar / noter

5.1 Til å finna eigna songar og henta inn idear frå koret, er det sett ned ei musikkgruppe

Gruppa vert leia av ein noteforvaltar vald av årsmøtet.

5.2 Musikkgruppa lagar framlegg til styret, som godkjenner valet av songar i lag med dirigenten.

Dirigenten har likevel vetorett.

§ 6

Valkomite

6.1 Valkomiteen er underlagt årsmøtet.

6.2 Valkomiteen har som oppgave å koma med forslag på kandidater som er på val fystkomande ordinære årsmøte.

6.3 Styret skal i god tid gjera valkomiteen kjend med tidspunkt for årsmøtet.

§ 7

Konsertar / arrangement / turar

7.1 Styret oppnemner komitear som arbeider etter fastsett mandat.

7.2 Program og planar for konsertar, arrangement og turar skal godkjennast av styret

Styret skal og godkjenna budsjetta for desse.

§ 8

Økonomi

8.1.1 Økonomien i koret vert basert på medlemskontingenten som vert fastsett av årsmøtet.

8.1.2 Styret skal kombinera/planleggje aktivitet/konserter for å tena pengar som skal subsidiera medlemmene ved reiser og liknande.

8.2 I tillegg til kontingent kan styret i spesielle høve krevja inn ekstra kontingent av alle registrerte medlemmar.

8.3 Eit registrert medlem av koret har plikt til å betala den fastsette kontingenten til han/ho seier opp medlemskapen.

8.4 Årskontingenten vert delt i to og skal betalast snarast mogeleg ved kvart semester.

8.5 Nye medlemmar som vert tekne opp i koret i vårsemesteret, betaler halv kontingent.

8.6 Kontingent ved permisjon:   Kormedlem som er innvilga permisjon før nytt semester, skal betala ein passiv kontingent på 50 % av ordinær kontingent per semester.   Dersom permisjon vert søkt i eit semester, skal full kontingent betalast for dette halvåret.

8.7 Styret skal årleg vurdera om det er rom for at ein del av overskotet frå eitt arrangement skal gå til velgjerande føremål. Forslag til avsetnad (føremål og sum) må leggast fram ved kvart årsmøte.

§ 9

Oppløysing

9.1 Berre årsmøtet kan avgjera å oppløyse koret, og då med 2/3 fleirtal.

9.2 Dersom det vert vedteke at koret skal oppløysast, skal ein velja eit styre på 3 personar til å ta seg av avviklinga. Dette styret skal ta vare på koret sine interesser og aktiva til beste for medlemmane.

§ 10

Vedtektsendring

10.1 Berre årsmøtet kan endra desse vedtektene, og då med 2/3 fleirtal.

10.2 Forslag om endring av vedtektene skal vera skriftlege. Styret skal ha forslaga seinast 1 månad før årsmøtet.

Permisjonsreglement

  1. Hovudregelen tilseier at ein må ha minimum 1 års medlemstid før ein kan søkja om permisjon. Permisjonssøknader skal vera skriftlege og retta til styret. Dei skal innehalda opplysningar om varighet.
  2. Permisjon kan verta innvilga for maksimum 2 semester samanhengande.
  3. Oppstart etter endt permisjon skal avtalast med styret i samråd med dirigent.
  4. Dersom ein ikkje møter til øving etter endt permisjon, går styret ut frå at vedkomande har slutta. Koret sine eigedelar skal då straks leverast inn.
  5. Dersom eit medlem på førehand veit at han/ho vert borte frå øving 3 eller fleire gonger samanhengande, skal ein søkje om permisjon.
  6. Etter fråvær 4 gonger samanhengande, utan å gi beskjed om dette eller utan å levera inn permisjonssøknad, går ein ut frå at medlemen har slutta.