Norge på langs sommaren 2004


Sun, 30 May 2004 23:24:29 +0200 (3115, 205)  Søndag 30/05:  Lindesnes!

Siggi og Borghild kjørte meg ned utpå kvelden. Starta å gå i åttetida. Fint ver. Traff ein syklist frå Mjøstraktene som var i si tredje veke langs kysten på veg til Jæren og retur over fjellet.



Sun, 30 May 2004 23:24:29 +0200 (3105, 220)  Søndag 30/05:  Spangereid

Fant ein fin teltplass ved fjorden. Men når eg omsider var klar med teltet i mørkninga slik i halv tolv tida, kom det ein gubbe og lyste meg i ansiktet med ei lommelykt:

Va æ de' du holle på mæ? Nei, eg tenkte eg skulle sova litt... Ja, å de tror du du bare kan jørr hær? Vel, ja, telting i utmark skulle... Utmark! Ser du ikkje at område æ innegjerda? Vel, eg klatra ikkje noko gjerde for å koma ned hit, men... Du kan ligge, men dæ koste dæ 200 krone! Nei, slapp av, ro deg ned, eg ligg ikkje på eigedomen til surpompa og grådigperar. Eg pakkar nå! Å, javel, da...

Så dermed pakka eg sakene og rusla eit stykke til og famla opp teltet på ein fylling lenger inne.

Snakk om drømmestart.


20040530/LangtAaGaa.jpg
LangtAaGaa
20040530/Lindesnes.jpg
Lindesnes


Mon, 31 May 2004 20:00:27 +0200 (3055, 235)  Mandag 31/05:  Kvås, kjempever!

Nydelig kortbuksever heile dagen. Treretters på Lyngdal Inn. To badestopp i Lyngdalselva. Sårføtt etter for små joggesko.


20040531/Lyngdal.jpg
Lyngdal
20040531/Kvaas.jpg
Kvaas


Tue,  1 Jun 2004 20:47:06 +0200 (2990, 245)  Tysdag 01/06:  Dyrevatnet nord for Eiken

Nok ein nydelig dag. Vart endelig ferdig med vegtraskinga. Desverre har eg klart å bruka for små joggesko, så venstre foten er full av blemmer. Amatør!


20040601/Eiken.jpg
Eiken
20040601/NordAvLanddalen.jpg
NordAvLanddalen
20040601/Dyrevatnet.jpg
Dyrevatnet


Thu,  3 Jun 2004 08:53:23 +0200 (2960, 250)  Onsdag 02/06:  Sør for Stigebotnsvatnet.

Nok ein nydelig dag. Ved Lordehytta måtte eg på med klede for ikkje å bli illraud. Har i dag sett hjort, rype, mus (ikkje data..), grassat med molteblom og endå meir blåbærblom.

Vakna i dag (torsdag) med rim på gras og telt. Sama fina veret!


20040602/Lordehytta.jpg
Lordehytta
20040602/SoerForStigebotnsvatnet.jpg
SoerForStigebotnsvatnet


Thu,  3 Jun 2004 20:59:40 +0200 (2925, 255)  Torsdag 03/06:  Josephsbu, via Lakkenstova.

Sol, kumulus, sørlig bris. Hadde ei stund planar om Ljosland, men valde heller å halda høgda i finveret.

Var oppe på ein topp og las gjennom gjesteboka. Er ikkje større fanten enn at det varmer med så mange lukkeønskingar frå fjern og nær. Tusen takk!

Underbukser? Har med to som ennå er ubrukte... Kortbuksa derimot...

Olav: Har ennå ikkje fått fisk, muligens fordi eg ikkje har fiska stort. Vaska sena såvidt i Dyrevatnet.

Jakarta: Så det er der du er, Frank Otto?

Om Knabeheia: Tenk deg å gå i dagar langs nordsida av Krokevatnet, utan at nokon har rydda ei grein på åresvis. Sånn er det. Lordehytta du liksom. Pøh!


20040603/Josephsbu.jpg
Josephsbu
HolmevatnetIVind


Sat,  5 Jun 2004 10:04:36 +0200 (2890, 237)  Fredag 04/06:  Øyarvatn via Gaukhei og Håhelleren.

Yr og regn det meste av dagen. På Gaukhei fekk eg 3 aurar som gjekk ned på høgkant saman med gratinerte poteter frå pose (alt som finnst!).

Ved Håhelleren møtte Kåre og Arnfinn opp og tilbaud opphald på Hotell i særklasse, avdeling Øyarvatn!

Herleg dusj med klesvask, drøs, god mat og drikke, nattlig fisketur.

Laurdag kjem Arne og, så eg var ikkje tungbedd når Kåre baud på traktement til søndags! Sætesdøla æ goe sort!


20040604/Gaukhei.jpg
Gaukhei
20040604/GaukheiFiskar.jpg
GaukheiFiskar
20040604/Haahelleren.jpg
Haahelleren
UtINaturenJosephsbu
Oeyarvatn


Mon,  7 Jun 2004 18:01:20 +0200 (2895, 244)  Laurdag 05/06:  Rågeloni. Kviledag med soling og fisking.

Roleg dag saman med Kåre, Arnfinn og Arne. Fekk til saman 10 fine aurar i Øyarvatn og Rågeloni. Sol mesteparten av dagen, men tiltjukning til kvelden.


20040605/Fiskara.jpg
Fiskara
GarnUgreiing


Mon,  7 Jun 2004 18:03:35 +0200 (2863, 234)  Søndag 06/06:  Storevatn, via Skjerevassheia og Taumevatn.

Etter ein lang og solid morgonsmat tok eg eit tårevått farvel med Kåre, Arne og Arnfinn... Kåre svinga meg opp til Håheller-avstikkaren og eg traska veien forbi Roskreppdammen og innover Skjerevassdalen. Opphald og greit gåver heile dagen. Kort matpause på Taumevatn. På Storevatn var det ei dame i ei kokvarm hytte, som tydeligvis hadde innstillt seg på å kampera åleine. Ho gav grei beskjed om at det var ledig i dei andre hyttene. Jaja, eg rusla ned i den nedre, fekk fyr i ovnen og klarte meg godt, eg og!


20040606/Taumevatn.jpg
Taumevatn


Thu, 10 Jun 2004 09:56:34 +0200 (2807, 233)  Mandag 07/06:  Vassdalstjørn, via Kringlevatn, Gyvatn og langs Blåsjø.

Kald sørvest, regnbøyer som utpå kvelden gjekk over i vannrett regn iblanda hagl. Lengste dagen så langt (i timar). Vart klissblaut på føtene etter vading nord for Kringlevatn.

Ville finna ut kva fyr som var på veg nordover framom meg.


20040607/Nord av Hoegebrotet.jpg
Nord av Hoegebrotet
20040607/Storvassdammen.jpg
Storvassdammen


Thu, 10 Jun 2004 09:58:10 +0200 (2760, 230)  Tysdag 08/06:  Krokvasstølen, via Grjotdalen, Leirdalen, Steinkileskardet, Heggelibrekkå og Søra Brudled.

Nok ein 12 timars dag, men i dag saman med Ole Trøan. Han traff eg i går kveld på Vassdalstjørn, etter at eg hadde sett i hytteboka på Taumevatn ein kar på veg nordover i fint driv. La difor inn ei ekstra etappe i går for å bekrefta mistanken.

Ole starta med sykkel på Lindesnes onsdag 2. juni, og har planar om å gå til Kibergneset. Frå kyst til kyst, Nordsjøen til Barentshavet: www.trailjournals.com/ole


20040608/Mot Krossvatn.jpg
Mot Krossvatn
20040608/Leirdalsvatn.jpg
Leirdalsvatn
20040608/Brudled.jpg
Brudled


Thu, 10 Jun 2004 10:00:29 +0200 (2743, 264)  Onsdag 09/06:  Holmevasshytta, via Bleskestadmoen.

Nydelig og varmt frå morgonen. Me var klar for ein rolegare dag, så etter morgonsbadet i badekaret hadde me lang morgonsmat med nysteikte boller.

På Bleskestadmoen var det full vårstemning med sauer som heldt springeoppvisning for oss! På Sandvassdammen var det fluene og myggen som dreiv oss opp i fart, før regnet så smått seig på.

Ved vading av elva som kjem frå området bak Fitjanuten, valde eg i dag å ta av skorne og gå i sokkane. Mista følelsen i tærne, men det fungerte betre enn å ha skorne på og gå klissblaut etterpå.

Nå har me hatt oss Bergens fiskesuppe og pannekaker. Vart stappmette. Ute bles og regner det og er 6 grader.

Ser i hytteboka at Trond Andreassen nå er berre ein dag føre oss. Han starta på Ljosland saman med ein hund sist onsdag.

I morgon ventar Ole syster si til Haukelisæter. Ho og hunden hennar skal vera med til Finse.


20040609/Andre boller.jpg
Andre boller


Thu, 10 Jun 2004 15:34:17 +0200 (2717, 271)  Torsdag 10/06:  Haukeliseter, etter ein god middag, sjokoladepudding og snop.

Nå kom nettopp Gisken, søster til Ole, med hunden Baltazar. Me planlegg å gå eit lite stykke og telta der. Reknar difor med å vera utan mobildekning nokre dagar igjen.

Gildt å lesa gjesteboka.


20040610/Turistskaret.jpg
Turistskaret


Sat, 12 Jun 2004 17:15:27 +0200 (2712, 280)  Torsdag 10/06:  Mannevatn, via Turistskaret og Haukelisæter.

Starta frå Holmavatn i tett skodde og regn. Måtte leita etter stien etter kvar snøfonn, men det letta i det me passerte Turistskaret.

Etter etinga på Haukeli,møtte me igjen skodda og snøen ved Vesle Nup. Stampa oss til Mannevatn før me klorte fast telta i vindråsene oppunder Mannevasseggji.

Er det like mykje snø nordover som her, blir det seigt...

Kroppslig oppsummering:

Den store vassblemma under venstre fot og vassblemmene under begge stortåneglene som eg har slete med sidan Lyngdal (dei hekkans joggeskoa...), har endeleg slutta å verka så infernalsk.

Nummenheten og verken etter pausar og om kvelden, er også på retur.

Dessverre har høgre kneet (gnurt i motorsykkeluhell i -74) vorte hovnare i det siste. Men i dag hadde Gisken med seg vandrestavar frå Oslo, og eg fekk kjøpt meg støttebandasje på Haukeli. Så langt ser det ut til å vera ein god kombinasjon.

Jada, eg veit det. Det er frivillig...


20040610/Mannevatn.jpg
Mannevatn


Sat, 12 Jun 2004 17:16:52 +0200 (2655, 268)  Fredag 11/06:  Litlos, via Hellevassbu.

Starta i regn, men det vart lettare etter kvart. På Hellevassbu var 4 røldølar i gang med å riva kjøkkenet. Dei skulle inn med nytt golv og ny innreiing frå Trestubben.

Utpå kvelden seig det inn nokre solide haglsbøyer, samtidig som me måtte av med skoa for å va nokre iskalde elvar. Var difor rimelig gjesne når me kom til Litlos sånn i nitida. Der var dei store bygga stengde, berre ei fille sikringsbu (med tome gassflasker!) var open. Stor overgang frå luksusen i STF. Men, me fekk gang på vedovnen og langa nedpå sodd og lapskaus.

Turmessig dreier det seg for tida mest om elvar: Storleik, vademuligheter og muligheten for bru eller snøbru. Prøver å velga trasear som gir minst fare for å måtta gå omveiar pga. stryk.


20040611/Hellevatn.jpg
Hellevatn


Sun, 13 Jun 2004 09:06:57 +0200 (2645, 315)  Laurdag 12/06:  Sandhaug, via Ambjørsvatn, Bessevatnet og Besså.

Fantastisk fin dag med blomkålskyer, lett vestavind og kortbuksetemperatur.

Både Ole og eg slit med senebetennelse nede på framsida av høgre fot. Mistenker at det har vorte litt mykje snøgåing i det siste, så difor planlegg me kviledag her i morgon.

Traff igjen Trond Andreassen her. Han går med flatcoated hunden Tess, og har nettstad: www.Trondshjemmeside.com.

Nydelig solnedgang over Nordmannslågen i kveld, men kunne også godt tenkt meg å vore på Ogna akkurat nå. Der held nemlig altane i Vivace avslutningsfest for koret: Himmelsk aften! Kos dokke! Tippe ' Lordagskveld på Jæren' passa godt...

Såg at Lars Sigve nevner Aftenblad-artikkel i dag. Er nysgjerrig på kva Pihlstrøm'en har gjort ut av ein 5-min telefonsamtale i vindråsene under Turistskaret.


20040612/Mot Haarteigen.jpg
Mot Haarteigen
20040612/Mot Sandhaug.jpg
Mot Sandhaug


Sun, 13 Jun 2004 19:53:29 +0200 (2600, 322)  Søndag 13/06:  Dyranut, via Hellehalsen og Bjoreidalen.

Nok ein nydelig dag på Hardangervidda! Etter ein ørliten klesvask på Sandhaug, gjekk eg åleine etter Trond. Var usikker på senebetennelsen, og ville difor gå i eige tempo. Ole og Gisken hadde ikkje heilt bestemt kva dei skulle.

La på tape på foten for å stabilisera best mulig, men noko rikle må det jo vera dersom han skal brukast til transport. Turavis verka det intenst, andre tider mindre.

Kor som er, det rikka framover sånn passeleg. Hadde grua litt til den flate austvidda, men i finveret var det faktisk ei 'oppleving' å gå gjenom dei vide og slake landskapsdraga!

Til slutt byrja eg å sjå fram til dusj og greier på Dyranut fjellstove. Men den gang ei, på Dyranut sto Trond i ein etter kvart kald vind og kunne fortelja at det var stengt. Klokka var halv sju, og han var ikkje mota på ein tre timars gange til Kjeldebu.

Så me rusla nokre meter og slo opp telta. Såvidt innkropne byrja det å dropla på teltduken! God timing...


20040613/Sandhaug.jpg
Sandhaug
20040613/Hardangerjoekelen i bakgrunnen.jpg
Hardangerjoekelen i bakgrunnen
20040613/Dyranut.jpg
Dyranut


Mon, 14 Jun 2004 17:23:02 +0200 (2587, 320)  Mandag 14/06:  Kjeldebu.

Kort tur etter blåsande og regnfull telting. Ole og Gisken gjekk heilt hit seint i går, så dei hadde såvidt fyra opp då me kom.

Det bles framleis friskt, foten er like hoven og vond, så eg roar ned her saman med Trond og Tess. Ole, Gisken og Baltazar gjekk vidare i dag, med planar om å ta nattoget til Sørumsand for å prøva å få has på betennelsen til Ole.

Senebetennelsen i skinnleggen er sannsynligvis ein klassisk overbelastningsskade pga for lange økter med snøvandring der ein må løfta vrista. Det einaste som hjelper er visstnok ro. Og så eg som trudde Kåre si oppskrift: Ondt skal ondt fordrive, var det som skulle gjera susen!

Gildt å høyra at Vivaces sommaravslutning var vellukka og at eg hadde fått ein svingom om eg hadde vore der!

Her svingar hytta i takt med kulingkasta!


20040614/Trond og Tess.jpg
Trond og Tess


Wed, 16 Jun 2004 15:33:48 +0200 (CEST) (2548, 323)  Tysdag 15/06:  Finse, via Helvetesgilet.

Ein av dei hardaste etappane så langt. Stiv kuling, først i ryggen, så imot når me kom på nordsida av Jøkulen. Regn som gjekk over til klessa og vassrett snø. Mykje snøtrasking, avslutta med vading av breelv ein halvtime før Finse. Torde ikkje vada i sokkelesten, så nå slit eg igjen med klissblaute skor.

Nå tek eg nokre dagars pause. Reiser til Voss i kveld, og vidare til Suldal i morgon. Farbror Eirik skal gravleggast på torsdag, og Tor Inge har 50 års jubileum på laurdag.

Snakka nettopp med Ole som hadde vore hjå lege (med nøyaktig same symptoma som meg): Antibiotika og fullstendig ro i minst 4 veker! Elles risikerer du kronisk senebetennelse.

Utrulig trasig akkurat når du er komen over dei første 2 vekene med smertefull tilvenning til eit aktivt liv utandørs!

Planlegg å sjå det litt an i helga. Skal byta skor og gi foten mest mulig ro. Vil sjølvsagt helst fortsetja, men er også åpen for plan B: Fortsetja turen Norge på langs, i kajakk langs kysten inntil foten er med på meir heiatraving!

For å sleppa hål i kartet, er det då snakk om å bruka sykkel langs rallarvegen frå Finse til Flåm, skifta til kajakk og skli ut langs Sognefjorden og dreia til høgre etter nokre dagar.

Då må eg i så fall ta vekk 'Til fots' frå nettsida, men det skal vel la seg gjera...

Så mykje oll berre for nokre få grams feilplassert kram snø: Inne i skinnleggen i staden for ute på Finse!

Jaja. Nettstatistikk så langt: 1. - 6. juni: 892 oppslag, 128 pr dag, 117 pcar. 7. - 13. juni: 1349 oppslag, 172 pr dag, 194 pcar.



Thu, 17 Jun 2004 18:53:40 +0200 (2770, 168)  Onsdag 16/06:  Valskår, buss frå Voss via Kvanndal til Odda, Røldal og Suldalsosen.

Gerd Helen henta meg på Osen. Klesvask og drøs. Ugleunge i fjoset.


20040616/Ugleunge paa Valskaar.jpg
Ugleunge paa Valskaar
20040616/Valskaar.jpg
Valskaar


Thu, 17 Jun 2004 22:39:14 +0200 (2928, 60)  Torsdag 17/06:  Kleppe, etter gravferd på Nesflaten.

Farbror Eirik fekk ei fin gravferd og me hadde ei gild samling med deling at mange gode minner.

Han er utan tvil den viktigaste grunnen til at eg nå held på med denne turen. Å vera med 'fabbro' til fjells høyrer til blant dei beste barndomsminne. Krokevasstølen var ' finaste plassen på jord', og me stolladn var enige! Ny ver. Skya på mot kvelden. Sat på med Birgitt og far heim.


20040617/Nesflaten.jpg
Nesflaten


Mon, 21 Jun 2004 13:12:52 +0200 (2540, 320)  Mandag 21/06:  Finse, etter fleire dagars pause.

Har teke med meg ski og stavar for å spara føtene mest mulig. Her er overskya, stillt og mildt. Skal prøva å koma meg til Geiteryggen i dag.

Overnatta hjå Ivar Linde på Bulken ved Voss i natt. Trivelig å treffa igjen klassekameraten frå Ås!


20040621/Bulken.jpg
Bulken


Mon, 21 Jun 2004 20:09:31 +0200 (2525, 330)  Mandag 21/06:  Geiteryggen, frå Finse via Klemsbu og Sankt Pål.

Forsiktig start med eit inderlig håp om sleppa meir klatt med hovudsponsorane. Den eine har jo vore ei sabla syterau pga litt snø og isvatn, men når eg trua med å plassera dei begge nede i ein klam kajakk, sjå då vart det 'was ganz anderes!

Så i dag har begge mole berre godlyd, og nytt skitransporten over turens høgaste punkt: Sankt Pål på meste 1700 moh. Nokre forsiktige bøyer, men stillt.

Her på Geiterygghytta nyt eg å vera einaste gjest for ei betjening på 3! I går kveld hadde dei sett 4-500 reinsdyr som kryssa dalen på veg sørover, og i dag kom eg...

Hadde meg nettopp ein 3-rettars middag: Blomkålsuba Laks Karamellpudding

Av og te æ live dridlett!


20040621/Joekulen nordante.jpg
Joekulen nordante
20040621/Fraa Geiteryggen.jpg
Fraa Geiteryggen


Tue, 22 Jun 2004 10:11:05 +0200 (2515, 332)  Tysdag 22/06:  Rossdalen

Nydelig plass og ver.


20040622/Rossdalen.jpg
Rossdalen
Rossdalen


Wed, 23 Jun 2004 07:22:32 +0200 (2510, 380)  Tysdag 22/06:  Iungsdalshytta. Matpause på Kongshelleren.

Strålande dag! Nattefrost hadde gjort fennene harde, så det var ei fryd med snø dei første par timane. Men så blotna det, og skia til litle-Olav måtte på. Gjekk delvis i fara etter Trond og Ingebjørg (trur det er systera), og såg dermed kor mykje enklare det er med ski. Så får det heller vera litt tungt å bera skia i låglendet under 1300 moh.

Hytta her er betjent i sesongen, men nå er det annekset som fungerer som sjølvbetjeningshytte. Har nettopp stappa ned ei ladning med pannekaker, så nå går det meste forsiktig for seg.

I går kveld hadde eg eit stilig 3D naturprogram på Geiteryggen. Ei fjellrevtispe har bol under hytta, og eit par av kvelpane heldt hekkan med mora i bakken ned mot vatnet. Græa bra porgam!

Dersom veret held seg, planlegg eg å starta tidleg for å sleppa den råtne snøen om ettermiddagen. Skal forbi Bjordalsbu som visstnok er landets nest høgastliggande turisthytte.


20040622/Revungane paa Geiteryggen.jpg
Revungane paa Geiteryggen
20040622/Kongshelleren.jpg
Kongshelleren
20040622/Iungsdalshytta.jpg
Iungsdalshytta


Wed, 23 Jun 2004 18:53:54 +0200 (2444, 415)  Onsdag 23/06:  Sulebu, via Helvete, Bjordalsbu og Breitstølen.

Starta tidleg i knallver. Snøen hard og fin etter nattefrost. Måtte berre oppom Helvete når eg var så sjeldan nær. Helvetes god utsikt!

Med ski gjekk det radig så eg kom til Bjordalsbu før Trond og Ingebjørg hadde starta. Dei planla å gå til Breitstølen, men eg fann ut eg ville testa sponsorane litt med å gå til Sulebu. Dei er framleis tilsnakkandes, sjølv om venstremann er blå etter at ei steinhelle sklei oppå han.

På Bjordalsbu traff eg også ein Jørpelandsbu som hadde spasert frå Trondheim og skulle heim. Han meinte eg kunne kutta skia, så det gjorde eg ovom Breitstølen.

Fin, lang dag i heia! 6+4+6 t. iflg kartet...


20040623/Helvete.jpg
Helvete
20040623/Sulebu og Jotunheimen.jpg
Sulebu og Jotunheimen


Thu, 24 Jun 2004 19:20:49 +0200 (2394, 420)  Torsdag 24/06:  Tyinholmen, via Tyinkrysset og Tyin.

Nokre timar med vegtrasking i regn i dag. Kun Tyinholmen er opna, så eg stoppa kl 5 og fekk meg ein varm dusj og eit kaldt glas. Jodå!

I Tyinkrysset praia eg postdama då ho skulle tøma postboksen. Dermed fekk eg sendt heim ski- og joggeskoa. Kult med lett sekk! Ca 12 kg.

Rein: Etter at eg i går hadde sendt oppdateringa frå Suleskar, gjekk eg på 4 dyr ved Sulevatnet. Dei lunka i retning hytta, kor dei slo lag med ca 30 andre og sklei austover opp i ei vid li. Har sett så mykje vister at det var stas endeleg å sjå sorten.

Sponsor rapport: Då eg starta frå Finse var høgremann framleis hoven til oppunder kneet. Kramsnøen var heldigvis vekke. Taktikken var då: 1. Mindre vekt: La igjen telt, liggeunderlag og sovepose heime. Blir sendt til Folldal. 2. Unngå snøtrasking: Tok med ski og -skor. Kjempesmart! Skarvheimen var dekka med snø, og skia var gullgjæve! 3. Knaska Brexidol for å halda snøen på utsida av skinnet, og få ned hevelsen. Hevelsen gav seg dag for dag og er nå vekke. 4. Hindra lik belastning. Bytta skor, frå Alfa Walk King til Lundhags Original. 5. Starta forsiktig. Gjekk berre til Geiteryggen første dag, og Iungsdalen andre.

Kjende at den monotone vegtraskinga i dag hadde lyst å laga snø i leggen, men det gjekk godt ved å vera bevisst på ikkje å løfta fremre del at foten.

Uansett, taktikken ser foreløpig ut til å virka! Fornøgd Aslak?

Så over til venstremann: Etter sitt usedvanlig tåpelige veivalg rett nord av Helvete, har han utstyrt seg med skikkeleg krigsmaling, ref bilde. Trur eigentleg han poddar fordi han føler seg trødd på, ca 15 tusen gonger pr dag.

Jon Are: Forstod ikkje det høgre greiene, men er enig i at den tynne lufta kan gi pipestemme. Satsar på at det går over...

I morgon er det Jotunheimen. Det hadde vore stas med høg skybas då!


20040624/Tyin.jpg
Tyin
20040624/Tyinholmen.jpg
Tyinholmen
20040624/Venstre hovedsponsor.jpg
Venstre hovedsponsor


Fri, 25 Jun 2004 18:10:49 +0200 (2368, 467)  Fredag 25/06:  Memurubu, via Gjendebu.

Regn frå morgonen. Mildt og stillt, etter kvart opphald. Dessverre heldt skybas seg på 2000 m heile dagen, så Besshø og dei andre tindane hadde topphuva på.

To bratte stigningar: Opp frå Bygdin, og opp frå Gjende til Bukkelægeret. Memurutunga var ein sabla stilig konstruksjon: Stup på begge sider, og nydelig utsikt. Anbefales!

Akkurat nå sit eg på tungespissen og ser ned på hyttene. Sender herifrå sidan forholda er så gode.

Om det å rusla i heia: Har fått ein del kommentarar på at eg går for fort, stress ned og nyt turen osv. Tja, det er så, andre ville sjølsagt lagt det opp annleis.

Men, eg nyt å legga opp dagane akkurat slik det passar meg. Etter å ha slete meg gjennom dei første 14 dagane med verkande føter og kropp, er det for meg rein nytelse å berre rusla gjennom det eine dalføret etter det andre. Kroppen fungerer betre enn nokon gong, største utfordringa ligg i å få i seg nok næring.

For meg er hovedmålet med turen kvar dagsetappe med nye syns-, hørsel-, lukt-, vind- og temperatur-inntrykk. Og å drøsa med andre, ute eller på hyttene!

Det er det eine. Det andre er at Norge faktisk er eit grassat langt land. 250 mil på 100 dagar blir 2,5 mil pr dag. Stort sett i terrenget. Eg har ein slakk på 20 dagar og har til nå brukt 7-8 av dei. Så lenge ambisjonen om å nå Kinnarodden fortsatt er der, betyr det etter mi oppfatning at dei mange dagar må bli 8-10 timars skift.

Jaja.


20040625/Ovom Bygdin.jpg
Ovom Bygdin
20040625/Gjende.jpg
Gjende
20040625/Memurutunga.jpg
Memurutunga


Sat, 26 Jun 2004 23:29:59 +0200 (2320, 515)  Laurdag 26/06:  Randsverk, via Russvatnet og Veodalen.

Tok ei boble direkte frå Memurubu, og skrudde konsentrert til eg toppa ut sør for Russvatnet. Deretter brødsynk før det flata ut langs vatnet. Så var det roleg stig retning Glitterheim, før eg strama Vb'en og sklei ut sørsida av Veodalen. Passerte fleire store reinsflokkar. Kveldstermikken løfta meg så galant opp til Fuglhø, før finalen ned til Randsverk.

Etter god hjelp frå Kåre og Nina frå Nordfjord, fekk eg meg omsider ei campinghytte og litt mat. Men, trur du ikkje desse Mari-slektningane (skal helsa!) litt seinare dukka opp i døra med nygrilla hamburger og salat! Behandling som vart avslutta med takke-besøk og drøs!

Blomar: Har sjekka med Brun's hefte og funne ut at eg i dag har sett bl. a. Snøsøte, Blålyng, Gullmyrklegg, Rosenrot, Engsoleie, Moselyng, Reinrose og Mogop. Det var jo berre å sjekka med bilda jo...

Roger: Fint med omtanken, men eg satsar på at dettan gjenge. Viss ikkje får eg og reisa og få meg silikonert...

Agnar: Så du fant fram til slutt? Kom pråmane heile fram?


20040626/Russvatnet.jpg
Russvatnet
Magebelte
20040626/Randsverk.jpg
Randsverk


Sun, 27 Jun 2004 22:27:25 +0200 (2300, 573)  Søndag 27/06:  Mysusæter, via Heidal, Martnadsråki, Otta og Rusten.

Går akkurat nå på asfalten mot Heidal. Mild, still og lettskya austlandsluft. Har ofte tenkt at dersom det var meininga at me skal gå på asfalt, så hadde me vore fødde med hjul i staden for føter. Men her, nå, går det forbausande bra. Kanskje fordi eg ennå ikkje har gått ein time. Så difor nyt eg det her og nå, som med turen elles!

Vel, nå er det kveld og det slo til igjen: Etter mange timar på veg, forsvinn det meste av sjarmen. Fekk heldigvis brote transporten med terreng nord for Heidal og ein nydelig kveldstur på gammal ferdselsveg frå Rusten og hit.

Fin dag som slutta med eit kvarter i regn. Kom såvidt borti kumulusane som overutvikla over Rondane.

I dag er turen i ferd med å skifta over til fase 2. Den søre delen har gått gjennom områder som eg mange stader har kunna knyta til tidligare opplevingar. Nord for Otta blir det stort sett nye plasser.

Her er nokre av minna som har dukka opp så langt:

Lyngdal: Bussturen heim frå ein stort sett vellukka konsert i Lund kirke tidligare i vinter. Det var visst ein av bassane som brende av ein A ei takt for tidlig, det var det einaste...

Landdalen nord av Eiken: 1000 m høgare den 15. Juni -93, i hengjeglidare.

Gaukhei og Håheller: Med havkajakk for nokre år sidan, på veg til Bossbu.

Vassdalstjørn: Aslak, eg og kajakkane på veg frå Store Urar til Maudal.

Steinkilen: Med Siggi og Tor Inge på jakt. Min første rein.

Krokvasstølen: Setja garn med farbror Eirik. 'Kåssa' seg i og med Jærbu...

Haukelisæter: Trynet på Tor Inge og eg som midt i morgonsmaten oppdagar at me ikkje har pengar nok! Han kladden hadde brent av det meste på Hovden ved å kjøpa sølje til Gerd Helen! Det var den gang det, Tor Inge, og ikke nu!

Hellevassbu: Birgitt og eg som la ut i tett snødreva, og måtte overnatta i ei fille bu. Ved Mannevatn var det slutt på kvistinga, og det var farlig jordmørkt!

Hårteigen: Ivar og eg på toppen ei påske for mange år sidan.

Finse og Bjordalsbu: På tur med friluftslinja på Hallingdal Folkehøgskule -77/78.

Tyin: Med Ivar, Ole og Finn på tinderangel frå Olavsbu vinterferien -78.

Memurubu: Ned liane med sykkel etter tur over Besseggen -85. Dei måpande fjesa på dei som kom imot!

Otta: Landing med hg litt ovanom sentrum.


20040627/Heidal.jpg
Heidal
20040627/Rondane.jpg
Rondane


Tue, 29 Jun 2004 14:38:41 +0200 (2266, 589)  Mandag 28/06:  Dørålseter, via Rondvassbu og Rondeslottet.

Første 3 timane kun i kortbukse! Utsikt rett mot Rondanemassivet. Nedom Spranget, gjekk vestsida av elva til Rondvassbu. Innom og fekk meg karbis og egg.

Så var det store spørsmålet: Oppom Rondeslottet? Skyer rundt toppen skremde.

Starta såvidt på vestsida før det skein opp. Bråvende og starta klatringa. To og ein halv time seinare toppa eg ut på 2178 moh! For ei utsikt! Fekk akkurat tatt nokre bilder før ei lita regnsbøye over Dørålseter plutselig overutvikla og kom dundrande mot meg! Rakk akkurat å få på regnklede før det byrja å hagla. Samtidig kom skodda sigande og gjorde returen til eit lite puslespel når det galdt trasevalg. Var glad då endeleg våt og laus steinur vart bytta ut med rødmerka sti. Nede vart hagl bytta med regn, som gav seg etter eit par timar.

Nedover Bergedalen tok eg igjen to jenter frå Uang, og me følgdes til hytta. Før me kom fram gjekk me gjennom Skranglehaugan, det største dødislandskap eg har sett! Veodalen sine humpar vart puslingar mot dette. Sallan for ein shovel han har hatt som har skubba i samen det der!

Feira nok ein lang og vellukka dag med solid 3 retters. Reknar med at det vert mindre slik luksus nå framover: Satsar på å henta telt osv i Folldal i morgon eller onsdag.

Dei andre npl'arane: Ole syklist var på Grimsbu kl 5, og Trond turist var på Otta kl 12.


20040628/Spranget.jpg
Spranget
20040628/Jutulhogget.jpg
Jutulhogget
20040628/Rondeslottet mot Atnsjoen.jpg
Rondeslottet mot Atnsjoen
20040628/Rondeslottet mot Doeraalseter.jpg
Rondeslottet mot Doeraalseter


Tue, 29 Jun 2004 23:14:56 +0200 (2215, 635)  Tysdag 29/06:  Vesllangbekken, via Dørålen, Fallet, Folldal og Fatfjellsetran.

Fuktig dag som starta tidlig for å nå posten i Folldal. Rusla nedover terrassane i Dørålen, sklei over Svartdalsbekken til Fallet. Stilig bru over elva Brimse! Type riddersprang.

Fekk telt og sovepose av postdama. Bytte tilbake til Alfa skoa og sende dei andre heim. Handla sinnsvakt mykje mat som eg nå slit på...

Eg klarer ikkje sjå det store i å ha tung sekk! Sol, ferdiglaga mat og lett sekk er langt betre enn regn, posemat og bly på ryggen? Fattar ikkje vitsen...

Elles må eg sei slektningane til Torfinn og Bjørn er litt slakke til å halda liv i stiane her på nordsida at Folldal. Trur dei har litt for mange bilvegar inn til setrom sine.

Målfrid: Bø!! Forsvant hikkå? Du virka så hakkitte...


20040629/Vading av Kakella.jpg
Vading av Kakella


Wed, 30 Jun 2004 23:02:00 +0200 (2185, 665)  Onsdag 30/06:  Nytrøa, via Einunndalen, Kvitsteinhøe og Rødalen.

Starta overskya, men skein etter kvart opp. Kortbukse heile dagen. Sabla praktisk!

I Einunndalen, Norges lengste seterdal, gjekk eg innom Kjølhaugsetra etter å ha vada Einunna. Der traff eg på Gun Kjølhaug, lærar og budeie på 35. året.

Joda, ho forklarde greitt kor eg burde gå når Kinnarodden var målet! Opp bak hytta, over Kvitsteinhøe og austom Snøfonnhøe der.

Eg takka for hjelpa og la i veg oppover. Oppi krattskogen forstod eg raskt at eg hadde bomma på stien, men eg tenkte: Skit på! Ned igjen går eg ikkje.

Ikkje før var det tenkt før det knasa i kvist bak meg. Der kom Gun i fint driv og ville gi beskjed om at stien gjekk litt meir til venstre! Då var eg for lengst avleita frå setra.

Joda, ho skulle likevel gå seg ein tur. Har henne mistenkt for å bløffa litt der, men sørvisen var uansett imponerande! Så følgdest me til Kvitsteinhøe, og naut synet av Tronden i søraust, Sølnkletten i sør, Rondane i sørvest og Einunndalen i vest og nord.

Så var det berre for meg å skli ned i Rødalen, traska nokre km på grus, ta til høgre ved Gløtlisetra, desperat prøva å finna rødmerkene og følga vegen til Nytrøa i Kvikneskogen.

Her har eg så nettopp hatt visitt av Ole syklist. Han hadde med betre kart over Forelhogna, chips og 1 boks! Gudd!

Dessverre måtte det regna litt i kveld og, så nå ligg eg her i eit telt der det stinkar rått og ufyse. Men i morgon blir det fint, heilt sikkert!


20040630/Mot Kjoelhaugsetra.jpg
Mot Kjoelhaugsetra
20040630/Mot Tronfjell.jpg
Mot Tronfjell


Thu,  1 Jul 2004 17:44:10 +0200 (2167, 680)  Torsdag 01/07:  Magnillsætra, via Børstuvorda.

Kort dag og kort tur. Som bestilt vakna eg til strålande sol og fekk torka telt og utstyr før eg pakka.

Men, fillarina for eit terreng og trase! Det var brakje og vierkratt, myr og mose og manglande sti heile turen. Og med strålande sol så blitte det ikkje betre, sant?

Sjølv om det ikkje hjelpte stort i dag, så var det igjen fascinerande å bruka den nye gps'en. Gong på gong miste eg stiane fordi dei ikkje lenger er brukte. Då var det berre å sjekka med pila kva vei ein måtte gå for å finna restane av den gamle stien.

Når eg då endeleg kom fram og gjekk rett på ein nydelig teltplass ved bekken mellom dei to Magnillsjøane, var valget enkelt!

Av med riggen og kleda og klask i bekken med heile karen! Herlig, og så med såpe attpåtil! Å du hendelse likavel.

I morgon blir det over tregrensa igjen, det er sikkert.


20040701/Magnillsetra.jpg
Magnillsetra


Sat,  3 Jul 2004 18:48:44 +0200 (2115, 710)  Fredag 02/07:  Svartbekken nord for Forollhogna, via Grøntjørn og Tverrfjellet.

Vekslande dag vermessig. Starta i stillt austlandsregn, så opplett ei god stund. Mot ettermiddagen kom det så nokre skikkelige bøyer! Men til kvelds vart det sol!

Uansett, dagens rusletur var herlig samanlikna med slåstkampen i går. Skimta sjølve Forollhogna allerede etter eit par timar. Så var det å peila seg inn dei neste 5-6 timane, før eg endeleg stod på toppen i 6-tida.

Då feira eg at eg hadde gjort unna ein tredjepart av turen med eit skikkeleg: JABBADABBADOOO!!! Etterpå vanka det rosiner og sjokolade på deltakaren. Jada, fint skal det vera...

På toppen bles det stikker og strå, så eg patla meg nettete og rusla til eg fann ein fin teltplass her ved Svartbekken.

Det er ganske interessant (for enkelte særingar ja) å sjå kor mykje forskjellig mat det går an å trykka nedpå, utan at magen protesterer.

Starta i dag med 4 lunka grillpølser med knekkebrød og smør attåt. Etter eit par timar tømde eg ned eit par nevar rosiner, før eg ved hovedstoppen lempa ned ei plate firkløver, litt saltkjeks og meir rosiner. Til kvelds var det dei 4 siste pølsene oppi ein meksikansk gryterett som aldri rakk å bli ferdigkokt, og litt firkløver etterpå. Til alt dette har det så vorte servert ein utsøkt agua naturo, med vekslande innslag av myrsmak.

Så han fyrbøtaren nedi magesekken, han som fyrer det lokomotivet Aslak snakkar om, han skal ha skrøyt! Rett nok må han åpna litt på trekken av og til, det merkest, men elles får han gang på heile rapalasset!

Brimi du liksom! Med skikkeleg planlegging er det altfor enkelt. Det er ved manglande planlegging utfordringane er størst!

Jada.


20040702/Groentjoern.jpg
Groentjoern
20040702/Forollhogna mot Tronden.jpg
Forollhogna mot Tronden


Sat,  3 Jul 2004 23:23:44 +0200 (2070, 740)  Laurdag 03/07:  Gårdan i Haltdalen, via Langtjørnin og Øvindmovollen.

Nok ein dag med bøyer. Og med timavis med trasking med høge kneløft, pga djup mose og myr, vart det ei solid treningsøkt i dag og.

Svære, vide kvitkrull-dalar med fine setrar somme stader. Avslutta med 3-4 timar langs ein nylaga veg for 6-hjuling. Hadde sorpa til langt oppå låret!

Har slutta å telja rypekull og småfuglreir. I dag har ei røys ryper dreve skadespel for å få meg vekk frå ungane sine. Tidligare har eg to gonger sett tiurkull, på veg ned lia mot Otta og i liane nord for Folldal, der mora spelar skada for å avleda. Men eg lar meg ikkje lura så lett må du tru!

Går nå på harde livet til ein plass som visstnok har mat til kl 8 i kveld. .... Og det stemde... Sit nå og momsar pizza og drikk brun drikke på Tronstad Kro! .... Og nå har eg fått meg losji på ein lakseplass på Gårdan.

Så vart det laurdagskveld i Haltdal lell da sjø! Nordaune, som var alternativet, gjekk konkurs i vår og er stengt.


20040703/Haltdalen.jpg
Haltdalen


Mon,  5 Jul 2004 11:56:12 +0200 (2025, 800)  Søndag 04/07:  Vælskarbua sør for Schulzhytta, via Nordpå, Bukkhammar, Gresslihytta og Gresslivola.

Nok ein kortbuksedag! Regn frå morgonen, men det vart gradvis betre heile dagen.

I dag tidleg kom Jon Are innom på veg til besteforeldrene i Stjørdal! Eg hadde ny runde med opprydding i sekken, og fekk faktisk sendt med han noko som vog litt. Herlig! Så kjørte han meg to gonger tilbake til Haltdal (gløymde stavane...) før han kosta vidare.

Vel, eg starta så med 1 mil med asfalt inn til Nordpå. Folk i kyrkjestasen glodde løye på vegtraskaren i kortings, men det klødde ikkje han...

Så var det klatring langs rødmerka sti til Bukkhammaren! Langt å føretrekka føre umerka myr... Der fekk eg helsa på 11 reinsdyr. Snakka seinare med ei eldre dame som sa: De e nå på hoinnervis tå dom ijnnpå fjellan her. Men tru du sørsaman vijl ut me ka merke dem bruke? Hå nei du!

Ned mot Gressli derimot, der var det myrtrasking så det monte. Myrane ved Vasstøl blir unektelig litt puslete i samanlikning, Tor Inge!

Hadde ein liten matpause ved bautaen som er reist til minne om eit svært myntfunn gjort på 1800-talet ein gong. Over 2000 gullmyntar frå ca år 1000.

Ny klatreetappe langs skogsveg opp til kort stopp i Gresslihytta. Så ennå meir opp til Sætertjønnin og inn hit oppunder Fongen.


Andersaunfloan
20040704/Mot Fongen.jpg
Mot Fongen


Sat, 31 Jul 2004 09:56:51 +0200 (2001, 816)  Mandag 05/07:  Bjørneggen, via Ruten, Ramsjøen og Finnkoisjøen.

Bøyer heile dagen. Starta frisk med å gå opp på Ruten 1179 moh. Der var kaldt og blåsande, men sjålig! Ville kutta ut Schulzhytta ved å gå lenger aust. Hadde kun bilkart, så turen vart likevel ikkje så mykje kortare...

På nokre eskerar nord for Finnkoisjøen byrja venstre hovedsponsor å krangla. Ved dei nedlagte gruvene på Litjfjellet var det nok også for den andre. Snart var dei ikkje stort trøande på nokon av dei.

Desto meir stas å koma fram til ei Trønderlån-hytte med varm dusj og straum! Så nu, efter erter, kjøtt og flesk går alt så meget bedre!


I


Tue,  6 Jul 2004 21:16:58 +0200 (1980, 840)  Tysdag 06/07:  Teveltunet, via Volvollen og Kluksdal.

Pisseregn frå morgonen, så eg tok det piano og laga meg ei ladning vaffelkaker. Det gjekk omsider over til dråparegn, så eg kraup i habitten og la i veg over myr og sorpa. Første del gjekk gjennom stor skog, og eg skremde opp fleire tiur, blant anna ein som skremde meg like mykje ved å skjera lufta 2-3 m framfor meg!

På slutten, oppunder Litlkluken (les ein gong til...), var det så kaldt og blåsande at eg måtte fomla fram vettene med valne fingrar.

Iflg Nord-Trøndelag Turistforening skal turen ta 4 timar. Eg brukte 4,5 utan pause. Virkar som om estimata er hakket kvassare her enn lenger sør.

Teveltunet er ei svær samling bygningar, som blir brukte til kurs og konferansar. Og så har dei eit par buer for NTT, med eit lite kjøkken i ein garasje!

Spurde ein kar om det fanst ein kafe her. Jo da, ein god km borti vegen fekk eg kjøpt meg mat. Etter ekstaturen i regnet kunne eg slå fast at kafeen var stengd mandag og tysdag...

Så var det inn på kjøkkenet og rota i skapene. Då vart det spagetti og kjøttboller, med hermetiske pærer til dessert!

Nettstatistikk: Det er framleis bortimot 1000 oppslag i veka frå godt over 100 forskjellige pc'ar, trass i ferietid!

Klatrestatistikk: Sidan Sankt Pål nord av Finse, har eg klatra 15335 høgdemeter der kvar registrering er minst 10 m. Eg har også gått opp 46 bakkar som har vore minst 50 hm, og raskaste stig i 20 sek middel er 90 m pr min. Gløymde å slå av då eg reiste heim frå Finse, difor starta reg der.

Forstå det den som vil og kan!


20040706/NTTs bu paa Teveltunet.jpg
NTTs bu paa Teveltunet


Wed,  7 Jul 2004 19:15:15 +0200 (1980, 840)  Onsdag 07/07:  Teveltunet, igjen...

Plaskregn heile dagen. Venta på postbilen i 12-tida, men framleis var det ingen nye kart komne. Snakka med Birgitt som hadde sendt dei hit sist fredag, merka med mitt navn, og poste restante. Fekk verten til å ringa postkontoret i Meråker, og der låg karta! Ei av damene tok dei så med slik at eg omsider fekk dei nå i kveld.

Hadde ein liten rusletur på kafeen og fekk ein overraskande god middag.

Ein avklarande kviledag i Teveldalen som både føtene og hovudet hadde godt av! Satsar på å vera på Angeltjønnhytta i morgon kveld.



Thu,  8 Jul 2004 22:09:57 +0200 (1940, 834)  Torsdag 08/07:  Ferslia, via Skurdalssjøn og Angeltjønnhytta.

Starta i 10-tida, og kom fram hit kl. 21. Duskregn store delar av dagen. Kulse oppe ved svenskegrensa, vart valen på fingrane og sleit litt for å få på meir klede.

Slåande forskjell mellom dei rolege åsane på svensk side og fjella på norsk side.

Kvilde litt på Angeltjønn i 4-5 tida, men fann ut eg kunne ta ein etappe til når eg først var i seget.


20040708/Mot Feren.jpg
Mot Feren


Fri,  9 Jul 2004 22:10:19 +0200 (1895, 870)  Fredag 09/07:  Midtitjønna sør for Veresvatnet, via Sulsjøan og Sandvika.

Og eg trur bestemt me har ein vinnar her!

I konkurransen om kva for ein av dei siste 3 dagane som er best, seglar dagen i dag opp i tet fordi:

Varme fingrar er gildare enn kalde og valne.

Kortbukse og t-skjorte er betre å gå i enn regnklede.

Nydelig utsikt mot dei svenske Sacker-fjellen er betre enn å skimta stein i skybas.

Naken matpause på bart fjell er triveligare enn regntung hutring innunder ein stein.

Telting i finver ved ein bekk og ei tjørn er rett og slett til å leva med!


20040709/Midtitjoenna.jpg
Midtitjoenna


Sun, 11 Jul 2004 20:23:04 +0200 (1840, 910)  Laurdag 10/07:  Småtjønnin aust av Gaundalen, via Vera, Strådalen, Stigådalen og Grønlivatnet.

Så feil kan ein ta! Og eg som trudde at skulle ein ta seg ein tur gjennom fjellheimen, så var spasering måten å koma seg fram på. Nu ikke mere!

I dag fekk eg ein leksjon i framtidig naturbruk. Rett aust for Lakavassklumpen høyrde eg ei fæl grynting, og så fekk eg sjå ei heil drift med reinsdyr på veg ned den søndre lisida. Og på kollane ovanom dukka det opp fleire stk på crossykkel!

Plutselig kjem heile drifta over elva og rett mot meg! Eg stoppa opp myrtraskinga for å forstyrra minst mulig. Etter ei stund brummar det i krattet nedom meg, og der kjem ein motorsyklist gjennom myra så sorpespruten står!

Han stoppa: Har du sedd nåkka rein her? Ja, massevis... Æ lurte på om noen hadde stukket av i fra flokken? Nei, det har eg ikkje sett. Men, eg trudde de brukte firhjulingar? Nei, de hoppe sånn fra side til side, svara den unge sørsamen innanfor hjelmen.

Seinare var eg innom på Gaundalen og prata med han som driv der, 7.de generasjon: Kan du sjønn at de e låvli, å driv på slek? Ainneran må søk for å få kjør skuter på sjnyen, mens dessan her kjør villt kor dem vill hen!

Det virkar rett og slett å vera ei ørlita konflikt mellom dei 5 samefamiliane og dei andre fastbuande...

Elles hadde eg meg ein solid middag på Sveet Gjestgiveri. Sku ikkje hunden på håra der! 6 elgkarbonader med poteter, salat og bernaise! Og så karamellpudding, alt skikkelig godt! Fekk også kjøpt med meg eit heimelaga brød.

Nok ein lang dag, i dag litt ekstra fordi ho på Sveet sa at det var 5 stk der som var på veg nordover og dei skulle til Gaundalen i dag. Då eg seint på kvelden kom dit, hadde dei gått vidare mot Holderen kl halv åtte.Hadde håpa på følge, men det skar seg... Ein av dei heitte forresten Frode Estil og hadde nokon vaksne blemmer, på helane...

Likevel, fint landskap i eit kjempe ver!


20040710/Ved Gaundalen.jpg
Ved Gaundalen


Mon, 12 Jul 2004 17:45:57 +0200 (1810, 940)  Søndag 11/07:  Broka sør for Gressåmoen nasjonalpark, via Holderen.

Nok ein finversdag. Tok det piano etter gårsdagens Estil-bakke, og var ikkje i seget før nærare 12.

Rusla langs telefonlina til Holderen, den andre av 3 veglause gardar langs grensa i Snåsa. Gaundalen og Gjevsjøen er dei to andre. Det er kun Gaundalen som har fast busetting.

Her traff eg bønder frå Snåsa som var over og såg til kviger som dei har på beite. Dei kjende godt Lars, og var trivelige og fulle av snus, som trøndera flest.

Var så innom Bækkbua til NTT og laga meg pannekaker. Reknar med at dette var siste sjølvbetjente hytta. Frå nå må maten takast med i sekken.

Ut frå Holderen burde eg fylgt telefonlinja mot Gjevsjøen, men eg skulle sjølvsagt heller prøva å følga skiltinga... Enda opp langt inni Sverige før eg gav opp og sklei etter gps'en over myr og gjennom urskog mot nasjonalparken.

Streva meg over tregrensa før eg fann ei fin lita tjørn å telta ved.

Guten abend.


20040711/Mot Holderen.jpg
Mot Holderen


Mon, 12 Jul 2004 23:16:17 +0200 (1755, 970)  Mandag 12/07:  Nesskardet i Lierne, via Snaufjellvatnet, Urddalen og Hykkelfjellet.

Nok ein langdag, denne gongen gjennom Gressåmoen nasjonalpark. Starta grått og yre, men det slutta heldigvis å regna. Mykje kaldare.

Lettgått terreng med vide dalar, mykje snaufjell og vatn. Grått og disig, men turavis god sikt. Var i ferd med å gå lens for mat, så eg mørde på til eg såg ned til Sandvika. Så veit eg at eg når butikkane i morgo den dag.

Mellom Nordre Gauptjønnaksla og Finnhuva (jada Målfrid, noko må eg få lov til å finna på eg og) gjekk eg rett på ein 30-40 dyr berre 20-30 meter framme. Alle sortar såg det ut til, og dei såg sjuke ut der dei heldt på å skifta pels. Men lettføtte, nekkene sprang så galant med mødrene atte! Hatt litt av det steget...

Har i dag snakka med Trond som er på Sveet, og melding frå Ole tyder på at han er på Angelltjønn. Eg hadde håpa dei var lenger bak, slik at me kunne samlast etter at eg har vore i Danmark neste veke. Skal vera med resten av familien, og Klepp il, på Grenå Cup i fotball! Det gleder eg meg til!


20040712/Gauptjoenn mot Skjaekerfjella.jpg
Gauptjoenn mot Skjaekerfjella


Tue, 13 Jul 2004 21:09:25 +0200 (1745, 995)  Tysdag 13/07:  Nordli i Lierne, via Neset og Eide.

Ned frå Nesskaret langs bekken, nordlig nedover og langs sekshjulingspor over myrane til vegen innanfor Ånes. Så vegtrasking rundt Laksjøen til Nordli.

Subba innom første hytteutleige-skiltet og vart tilbydd ei enkel hytte like i strandkanten. Hadde berre gått ein 5-6 timar, men tenkte: Drit på, eg toler kanskje ein kort dag og... Dessutan er det over ei veke sidan siste kles- og kroppsvask, så det hadde passt av den grunn og.

Og det gjorde det! Rein og fin, mett og god...

Ein heilt annan ting: Fekk siste vekes nettstatistikk i dag, og den syner at antal oppslag og antal pc'ar er redusert til ein tredjedel siste veka!

Hadde forventa nedgang når ferien starta for fullt, men så mykje var uventa. Elles rekna eg jo og med at interessa ville dala etter kvart.

Har i grunnen lenge vore forundra over kor mange som har vore innom, over så lang tid. Sitja og lesa om det ein halvgammal gubbe opplever på ein fottur må jo bli kjedelig etter kvart? Jaja, de om det.

Må jo elles innrøma at eg har tenkt ein god del på at eg nå berre er eit par dagar frå å vera halvvegs. I motsetning til det eg hadde trudd, har det ført til at motivasjonen for å fortsetja har minka heller enn å auka.

Trur dette har fleire grunnar:

Ein av hovedgrunnane for å gå, har vore nysgjerrighet: Korleis vil min kropp og mi psyke reagera på ein slik tur? Føler sjølv at eg har fått svar på det, og veit at eg kan fullføra om eg vil og får høve til det.

Ein annan ting er det velkjente: Det er gildt så lenge det er nytt! Nå er det ikkje så nytt lenger...

Så er det fotsmertene. Lurer ein del på om eg kanskje belastar skrotten meir enn han klarer å takla på lengre sikt. Det hadde ikkje vore så kult.

Til slutt er det det at eg trivst betre i lag med andre. Har nå gått åleine frå Finse, og har funne ut at det er nok einsemd for ei stund. Men me er 3 stk, så akkurat det kan ordnast med litt samkjøring.

Har bestilt flybillett tr Værnes - Århus neste veke, så får me sjå kva det blir til.

Jada.


20040713/Laksjoen fraa Nordli.jpg
Laksjoen fraa Nordli


Wed, 14 Jul 2004 22:33:56 +0200 (1680, 1005)  Onsdag 14/07:  Østvika ved Limingen, via Kvelia og Tunnsjøen.

E mein du hi breinnt dæ lite på nåssåtippen e? Ja, og så på fingrane... Ker du ha firri hein du da, som ha finn tak i sola? Ho ha no itj vi sætt no my ti heren her nei. Vel, det var no i Gudbrandsdalen og Rondane eg klarte å bli brent. Å, ha du firri åver dær å, a?

Eit lite klipp frå drøsen med kona som eg leigde hytte av i Nordli.

I dag starta eg så på dei 66 km langs veg frå Nordli til Røyrvik. Klarte å knerta godt 40 av dei, så det gjenstår kun ein halvliten bytur i morgon.

Ikkje den heilt store opplevinga: Det regna rimelig jamt frå kl 10 til halv 6. Seig forbi Portfjellet på svensk side, før eg kapra eit bord i butikken på Tunnsjø og lødde ned ei cola og chips.

Gjekk utover langs Limingen til det var dekning på mobilen, før eg knødde opp teltet inni noko rapaskog nede ved vatnet.


20040714/Tilbake mot Portfjellet.jpg
Tilbake mot Portfjellet
20040714/Ved Limingen.jpg
Ved Limingen


Thu, 15 Jul 2004 14:59:17 +0200 (1650, 985)  Torsdag 15/07:  Røyrvik!

Halvvegs! JABBADABBADOBBELDOO!

Ferdig med 8 mil vegtrasking. Avslutninga var som resten, med regnbøyer, men vart feira med hamburger på kafeen!

Du hendelse likavel, den satt!

Nå fer eg rett til Trondheim og er turist der eit par dagar, før eg reiser til Danmark på søndag. Satsar på å starta å gå herfrå igjen laurdag 24. juli.

Kjem til å skriva innlegg frå friveka og. Innlegga frå Danmark plasseres nedanfor Kristiansand ein stad. Reknar med at innlegga derifrå blir ein smule meir ungdommelige, så fylg med i neste bolken. Dette vert spanande!


Vask i Limingen
20040715/Roeyrvik.jpg
Roeyrvik


Thu, 15 Jul 2004 19:16:46 +0200 (1650, 1005)  Torsdag 15/07:  Half way there!

Yabbadabbadoubledoo!

As one could anticipate, the hike so far has contained it all:

All kinds of weather: Baking sun in the far south, around Gudbrandsdalen and some days in Trøndelag, chilly winds and rain at Haukeliseter, Finse (even snow storm!) and most of Trøndelag.

Fortunately, the days with continous rain have been few. And the chill everyone is complaining about, merely cooks down to the need to wear an extra shirt.

All in all: Good to very good walking weather!

All kinds of company: After a bit more than a week in solitude, I joined with Ole, also planning to do the trip. The two of us then walked in (!) the third guy, Trond, with his dog.

The 3 of us enjoyed the company up to Finse. Unfortunately, both me and Ole had problems with our legs, so we had to go home to try to sort that out.

After a week my leg was ok, and I went back and continued on my own.

All kinds of terrain: Roadside walking (an estimated 200 of these first 1250 km), forest and bushes, wetlands (lots of it in Trøndelag, and real wet too!) and, yes!, a lot of grey and green mountains and valleys! d All kinds of moods: From the peek in a cold, clear morning in the valley north of Iungdalshytta, to the bottom in a wet sleeping bag in a wet rainy tent in Forollhogna. And all kinds of inbetweens.

All kinds of animals, birds and plants: Well, all and all... I've seen a lot of different flowers blooming, hundreds of reindeer and lots of 'rype' with chickens and, whatever...

In fact, the more I write about the hike, the better it gets! But now I'm really looking forward to a one week break, seeing my family during a soccer tournament in Denmark. I'll be back on track July 24.th.



Fri, 16 Jul 2004 16:20:59 +0200 (1950, 680)  Fredag 16/07:  Trondheim.

Nyt livet som turist i ein kjølig, men delvis solfyllt Trondheim. Ruslar berre rundt og syg på halvvegs karamellen.

Bur på vandrerheimen, og ved morgonsmaten snakka eg med ein brite. Han hadde nettopp vandra pilgrimsleden frå Oslo til Trondheim (65 mil). Var ute på slike turar 'all the time, last year it took a month to Compostello from France'.

Eg måtte jo spørja om han sleit med vonde føter? Nei, sjeldan, men så gjekk han med sekk som ikkje vog meir enn 10% av kroppsvekta! Og eg som jamt har mellom 20 og 25%, sjølv om eg i fleire omgangar har kvitta meg med både eitt og hitt...

Jaja.


20040716/Nidarosdomen.jpg
Nidarosdomen


Sat, 17 Jul 2004 19:45:49 +0200 (1950, 680)  Laurdag 17/07:  Munkholmen.

Nydelig sommardag i Trondheim! Mykje blide folk som naut sola og varmen. Tok båten til Munkholmen i lag med ei røys andre, mange bare for å bada og sola seg.

Eg vart med inn i sjølve festningstårnet, som for så vidt var interessant i seg sjølv. Men det stiligaste tykte eg var å oppleva akustikken inne i det kuppelforma kruttlageret! Lyden kom tilbake før du hadde laga han!

Saijnnt ja!?



Sun, 18 Jul 2004 23:07:28 +0200 (3130, 450)  Søndag 18/07:  Århus i Danmark.

I dag var det ein kjempe fin dag i Danmark. Me he hatt ein kjempegilde dag.


Dansk trekunst


Mon, 19 Jul 2004 22:39:02 +0200 (3130, 475)  Mandag 19/07:  Grenå.

Tok i dag turen til cityen etter frokost. Gjekk rundt der og hang ei god stund. Nokre av oss fekk gleda av å smaka Grenås, om ikkje Danmarks eller verdas største kuleis. Merkeleg at me i det heile orka middag!

Cruisa deretter ut til havna og Kattegatcenteret på henholdsvis syklar og caravelle. På centeret såg me hai, sel, klovnefisk, o.l.

Elles har me berre cruisa rundt på kule syklar. Nokre har oppdaga nye, lure vegar, mens andre har nok med å finna vegen til butikken. Det er dejlig at være norsk, i Denmark!


20040719/Kattegatsenteret.jpg
Kattegatsenteret
20040719/Middagsgjengen.jpg
Middagsgjengen


Wed, 21 Jul 2004 12:21:26 +0200 (3130, 500)  Tysdag 20/07:  Grenå.

Finversdag med bading for dei yngste. Sykkelturar.

Men så! Olav føre på sykkel, Anne-Margit bak. Olav får framhjulet utforbi asfaltkanten, og dett. Anne-Margit klarer ikkje å styra unna og kjører over venstrearmen. 'Eg kjende han knakk!' sa Olav seinare.

Dette skjedde i halv åtte-tida om kvelden medan far var på blues-konsert. Dermed var det mor og Olav som fekk læra om danske sjukehus, først i Grenå, seinare i Randers. Dei var ikkje tilbake før i halv fem-tida om morgonen. Knakk rett over albuen. 3 veker med gips.

Ulempen med å reisa for tidlig på turnering: Ventetida kan vera skadelig!


20040720/Olav med gips.jpg
Olav med gips
Knekt arm


Thu, 22 Jul 2004 17:56:51 +0200 (3130, 525)  Torsdag 22/07:  Grenå, oppstart av fotballturnering.

Etter defilering i sentrum, starta jentene med ein kamp mot danske Østervrå. Resultatet 2-2 kunne etter spel og sjansar godt vore omvendt.

Ikkje så for gutane, som i møte med svenske Åsa, måtte gå av banen med 0-8. Til slutt møtte jentene Hana, som vart slått 3-1 etter ein solid innsats frå tribunen!

Dagens sitat er Kjersti Bore's: Itte 16 sjeve kjikkte di så stygt på mæg, at æg ikkje tårde å ta fleire!


Opptog paa torget
20040722/Klepps tropp.jpg
Klepps tropp


Fri, 23 Jul 2004 19:59:27 +0200 (3130, 550)  Fredag 23/07:  Grenå.

Tidlig opp for feriefantane, både jentene og gutane hadde kampar kl 8. Jentene slo svenske Skogsbygdens IF 2-0, og gutane slo østfoldingane Borgen IL 3-2! Herlig start på dagen!

Utpå ettermiddagen vant jentene 1-0 og gutane 3-0!

Og vandraren sa ha det og reiste mot Røyrvik igjen.


20040723/Gutane varmar opp.jpg
Gutane varmar opp


Sat, 24 Jul 2004 18:03:40 +0200 (1610, 1020)  Laurdag 24/07:  Vierma i Børgefjell NP, via Nams- og Gollomsvatnet.

Heisen seige dag som åpna med nydelig soloppgang kl 0330 rett frå toget, og slutta i bøyer kl 17. Starta med 15 km asfalt, og dermed føltes føtene fullstendig smadra. Det vart stiltregåing resten av dagen.

Klarte også å venta så lenge med å sjekka kartet, at eg fekk ein ekstrarunde på ca 2 timar nordvest for Gollomsvatnet . Surt.

Elles tok eg nattaxi frå Namsskogan til Røyrvik for 100 kr! Stilig med Nsb's tilbringertjeneste. Og sjåføren var elgjeger som meinte at brunstlukt i kjøt kunne unngås ved å halda skinnet vekke frå kjøtet under slaktinga!

Men trur du ikkje eg klarte å gløyma fyrstikker? Kjipt ikkje å kunna laga seg varm mat...


20040724/Avgang Roeyrvik.jpg
Avgang Roeyrvik
20040724/Orrelva.jpg
Orrelva


Mon, 26 Jul 2004 09:26:50 +0200 (1550, 1030)  Søndag 25/07:  Mjølkelva i Susendalen, via Kjukkelvatnet.

For ein luksus! Tenk, midt i Børgefjell traff eg 3 karar som hadde ein stikkedåse til overs! Så nå har eg hatt varme nudler til kvelds. Mine stikker låg igjen i Danmark saman med koppen og skeia...

Endelig vart det ein dag med litt snaufjell. Trudde snart ikkje det fantes. Første timane bar det slakt oppover langs elva Vierma, som eg vada halvveis oppe i dalen. Så bar det opp over tregrensa til lettgått morenelandskap langs dei snøkledde tindane på vestsida av Børgefjell nasjonalpark. Då eg omsider kom over og såg ned mot Hattfjelldalen, var sola gått ned. Vada breelva Mjølkelva før eg fann meg teltplass ved ein liten bekk.

Lang, fin dag. Men på slutten måtte mygghatten på. Det er noko herk, men alternativet er verre.


20040725/Mot Kvigtinden.jpg
Mot Kvigtinden


Mon, 26 Jul 2004 21:14:37 +0200 (1495, 1040)  Mandag 26/07:  Hattfjelldal, via Susendalen.

Vakna til strålande sol, men utpå dagen skya det over og gjekk over til regnsbøyer. Prøvde i det lengste å halda meg i lisida, men vart hosta ut på vestsidevegen ved Haugen. Så var det fin, rolig grusvegtrasking mot Hattfjelldal, siste 3 km på asfalt.

Der sklei eg inn på grillsjappa til løvbiff! Fullt på høgde med gårsdagens myggnudler. Og med bestikk var det jo kurant å få i seg og...

Så var det å finna seg ein plass å overnatta. Normalt hadde eg rusla ei stund til, men eg må vera her til butikkane opnar i morgon. Ein campingplass og eit hotell. Hotellet var dyrt, og campingen kip. Elle melle: Det vart telt på campingen, med utsikt rett ned på hangaren og flystripa!

Såvidt på plass i teltet sette det i med eit sabla regn! Håpar teltet framleis er tett...


20040726/Elva Susna.jpg
Elva Susna
20040726/Hattfjelldal.jpg
Hattfjelldal


Thu, 29 Jul 2004 10:26:57 +0200 (1485, 1055)  Tysdag 27/07:  Tjuvjodalen, via Elsvatnet, Tverrelvnes og Mosvatnet.

Etter ei regntung natt, skein det opp som seg hør og bør i det eg kraup or påsasoven. Så bar det ned på coop'en for proviantering. Sette meg utforbi for å nyta lyden av dialekten: Næi, kain du sjønn at hainn skoill no vær så førbanka ohelldi å vær fri førr særtifikat i fleirje måna!

Så var det store spyrgsmålet: Kor går vegen i dag? Fann ut at det er så lenge sidan eg har gått sørover, at det måtte prøvast!

Dermed bar det søraustover for raskast råd å koma inn på Nordlandsruta. Det vart likevel eit par mil vegtrasking før det bar ut og opp gjennom vierkratt og skog før det endeleg vart leveleg.

Naut kveldsøkta med utsikt til Børgefjell i sør, Hatten i sørvest og Krutfjellet i nord!

Damstillt, så eg slo til med ein luftig teltplass med utsikt frå teltet direkte mot Kruttfjellet!


20040727/Tilbake mot Boergefjell.jpg
Tilbake mot Boergefjell
20040727/Teltutsikt mot Kruttfjellet.jpg
Teltutsikt mot Kruttfjellet


Thu, 29 Jul 2004 10:27:54 +0200 (1445, 1055)  Onsdag 28/07:  Skinnfelldalen, via Krutvatn, Fiskløysvatnet og Famnvatnet.

Kortbuksedag i lettgått terreng aust for Norges nest største innsjø: Røssvatnet!

Vakna litt halvtidlig, så eg laga meg ei skikkeleg ladning havregraut. Det vart såpass at eg måtte ta ein liten ettermorgonslur!

Neste gong eg vakna, meinte eg bestemt å høyra ei skikkeleg utrykning med både sjukebil og helikopter? Men kva i svarte, langt inni heia? Eg snudde meg rundt og satsa på at eg hallusinerte. Men levenet vart berre verre så eg måtte rett og slett stå opp.

4-500 m vekke heldt same-Nils på med å jaga ein reinsflokk, denne gong med helikopter og sirene! Det såg galgildt ut! I mitt neste liv skal eg bli same, same søren. Tenk å sleppa å bry seg om reglar om lov om motorferdsel i utmark, nasjonalparkar og slikt tull!

Men så var det føremiddag, regnet hadde gitt seg, og det var berre å pakka teltet og rusla ned mot Krutvatnet. Prata litt med eit par hyttekarar som lova god merking og fin tur vidare. Og det stemde.

Etter kvart som eg runda Krutfjellet, dukka neste mål opp: Hjartfjellet og Okstindane. Og etter nokre timar og ein tur nedom Famnvatnet, slo eg opp teltet ved ein bekk rett aust for Akfjellet.

Har prøvd å få kontakt med mobiltelefonen fleire stader, men det er heilt dødt. Håpar ikkje det er symptomatisk for resten av Nord-Norge...

Og der, nord ved Røssvatn var det råd å lesa gjesteboka. Aslak: Følest godt å vita at du har mine føter som fetisj!


20040728/Statskogs gapahuk ved Krutvatnet.jpg
Statskogs gapahuk ved Krutvatnet
20040728/Sokkaturk med Akfjellet bak.jpg
Sokkaturk med Akfjellet bak


Fri, 30 Jul 2004 06:51:40 +0200 (1390, 1069)  Torsdag 29/07:  Gressvasshytta, via Kilvassaksla, Nymoen og Speltfjelldalen.

Kjempedag! Var oppe litt over 4, og fann teltet nedrima og DEN soloppgangen i kjømda! Måtte bare ha med den, så eg kledde på meg og fekk i meg litt mat. Rundt kl 5 kom sola opp over Nilstinden. Fantastisk syn!

Men brått får eg auga på ein mann på motorsykkel som sit og kikkar på meg! Så startar han opp og kjem bort. Det vart ein lang drøs med ein svensk same! Han trudde og han såg syner ved å treffa folk ute her på denne tida.

Startade kvart i fyra. Låg øver på golvet hos någon neri hær. Och det var bra, før vare jag ute i den hær kylden vore jag tvungits passa bålet.

Hur många ren? Tja, två pluss som man brukar seja. Næj, kring 3000. På vintern i Sverje, om sommarn i Norje, i Krutfjellet, Oksfjellet och hær kring Hjartfjellet.

Våta skor? Næj, inga problem så lenge man har skohø! Jag har med mej en liten påsse med hø, og skulle det bli vått, så sprider man det ut på marken bara. På en halv timme er det tørt! Om det klumpats i skon? Næj, har man øver 40 års ærfaring brukar det gå bra.

Jag ska nu merka sista renen. Nær jag har funne renen ock en passande fånn, kållar jag upp koptern. Sen kommer han med lettgjerde som vi setter kring fånnen. Derefter jagar koptern inn på fånnen och vi kan merka renen.

Næj, myggen ær min besta dreng! Vore det inte før den, kunde man inte hålla på! Den får renen at samlast.

Herleg type! Når han for, pakka eg saman og rusla nordover med synet av Okstindane midt imot. For nokre majestetiske fjell! Små botnbrear innimellom DEN tinderekka.

Bratt stigning opp frå Røssvatnet før ei gedigen utsikt mot Speltfjelldalen og Okstindane openberra seg! Heilt klart ein konsertkandidat...

Dalen var lenger enn lang, så føtene trong drivstoff eit par gonger før dei fann hytta. Fortsatt finver vart feira med vask av kropp og klede før gjenståande hyttemat fekk gjera nytte for seg.


20040729/Hjartfjellet og Okstindane.jpg
Hjartfjellet og Okstindane
20040729/Speltfjelldalen.jpg
Speltfjelldalen
20040729/Spjeltfjellkoeta.jpg
Spjeltfjellkoeta


Fri, 30 Jul 2004 09:30:37 +0200 (1395, 1070)  Fredag 30/07:  Oksskolten 1916 moh!

Måtte bare opp og sjekka høgdemålaren på gps'en. Den viser 1911, så noko er feil!

Den råaste toppen eg har vore på! Sit i bar overkropp og nyt eit fantastisk Nordlandspanorama. Verdt turen åleine!


20040730/Fraa Oksskolten.jpg
Fraa Oksskolten
20040730/Mot soer fraa Oksskolten.jpg
Mot soer fraa Oksskolten
20040730/Mot Speltfjelldalen.jpg
Mot Speltfjelldalen


Wed,  4 Aug 2004 12:05:43 +0200 (1362, 1077)  Fredag 30/07:  Umbukta, via Oksskolten, Bretjørna, Storskardet og Storakersvatnet.

Sol og varmt som i ein sekk! Ikkje mygg før i 7-tida om kvelden, og sjølv då finsleg. Dagens, og turens, desiderte høgdepunkt var turen på toppen av Oksskolten, Nord-Norges høgaste med sine 1916 moh! Siste delen var rimelig vertikal (nordsida), så både krabbegir og 4-hjulstrekket måtte på...

Neste utfordring var å va breelva nedfor Okstindbreen, som viste seg å vera hakket større enn berekna. Klarte ikkje å finna ein stad der eg såg botnen tvers over elva. Slammet gjorde at det berre var ca ein halv meter sikt.

Vel, må du, så må du. Av med skor, sokkar og bukse og under sekkeloket med dei (og raska på, myggen ventar ikkje!). Så kjem stavane til ekstra god nytte. Som støtte, for måling at djupne og for å finna fotfeste.

Ømme fjellsko-føter blir kjapt følelseslause av isvatnet, så skarpe steinar er berre eit problem dei første stega. Men med kvite knokar rundt stavane er det ingenting å seia på konsentrasjonen.

Så er spørsmålet: Blir det for djupt i hovedløpet? I dag stoppa vatnet midt på låret, og det var meir enn nok med såpass fart i vatnet.

Så var det tid for dagens eigentlege rusletur. Planen var å koma seg til Umbukta, og sannelig vart det buktning på meir enn ein måte. Løypa buktar seg vest til Kjennsvatnet, nord gjennom Storskardet, aust langs Storakersvatnet, nord langs Rundfjellet og aust til Umbukta! Dessutan kjem alle dei vertikale buktningane!

Framme litt over ni, til karbis og dobbel dose franske eple...


20040730/Storskardet mot Okstindan.jpg
Storskardet mot Okstindan


Wed,  4 Aug 2004 12:38:25 +0200 (1350, 1085)  Laurdag 31/07:  Ivaskardet oppunder Melkfjellet, via Sauvasshytta.

Halv kviledag med tur til Mo i Rana for å få tak i andre skor. Fekk sitja på med verten på Fjellstua dei 4 mila til Mo, og fekk tak i skor som han meinte skulle passa betre i varmen. Dei eg hadde blir så våte av sveitte at dei byrja å gnage på hælane.

Så vart det ein fin kveldstur oppover rundt Saufjellet til Sauvasshytta og vidare gjennom Ivaskardet. Der traff eg på den største reinsflokken så langt på turen!

Rigga så opp teltet på ein fin terasse med sjefsutsikt over Kaldvatnet og Krabbfjellet.


20040731/Elg mot Okse tindane.jpg
Elg mot Okse tindane
20040731/Elg i solnedgang.jpg
Elg i solnedgang


Mon,  2 Aug 2004 17:14:24 +0200 (1326, 1130)  Søndag 01/08:  Virvasshytta, via Kvitsteindalstunet og Kvefsendalen.

Å, nokre og tredve km i mange og tjue varmegrader, tung sekk og græa med mygg, det gjer nåke med ein gamadle skrott! Sekken kjendest som han subba bakken på slutten. Hadde eigentleg tenkt å rusla opp mot Virvassfjellet og slå opp teltet der, men slik vart det ikkje...

Nydelig landskap, spesiellt opp langs Kvefsendalselva. Tok eit bad oppe ved rastekoia til Rana turistforening, og eit nytt når eg kom fram hit. Men då var eg kjapp inn etterpå! Myggen sette inn hovedstyrken promte!

Elles har sikkert dei siste daganes varme gjort at myggen tek han heilt ut... Så då er det på med bukse, skjorte og mygghatt, og velga varme føre stikk.

Siste: Dei meldingane eg har skrive og sendt laurdag og søndag, har på ein eller måte vorte vekke. Har prøvd å gi beskjed til mobilpost-folka, så eg håpar dei finn ut at det. Sabla jobb å knatta dei omigjen...


20040801/Ved Kvitsteindalstunet.jpg
Ved Kvitsteindalstunet
20040801/Ved Kvefsendalskoia.jpg
Ved Kvefsendalskoia


Wed,  4 Aug 2004 10:35:56 +0200 (1280, 1115)  Mandag 02/08:  Raudfjellelvdalen, via Bolnastua.

Sit nå ved Randalselva i Bolna etter eit herleg bad. Her er ikkje mygg eller knott, og dei er heller ikkje savna.

Starta å gå frå Virvass ca 7, og kom hit ved 3-tida. Nydelig tur over lange, vide gras og mosedekka dalar. Passerte også den karakteristiske Auronasi.

Same fina veret og varmen i dag, så eg bala meg sveitt inni mygghabitten. På Virvass-sida var det mykje meir mygg og knott enn det har vore på denne sida så langt i alle fall.

Omsider kom eg på at eg kunne rigga kjøling på habitten! Fylte berre drikkeflaska med vatn og dynka mygghatten jevnlig. Fungerte heilt glimrings.

Etter å ha rusla eit par kveldstimar til, har eg nå slått opp innerteltet litt inne i Saltfjellet-Svartisen Nasjonalpark. Ligg og kikkar ned dalen rett mot sola. Ikkje så heilt verst tomt dette her, kan du sei. Litt fuglapipting og bekkjasus må vel tolast i slik ei stund? Heilt klart nok ein konsert-kandidat.

Elles snakka eg med Ole nettopp. Han var i Lønstua ein dryg dagsmarsj føre meg. Me treffest kanskje i Sulis, men han har egentlig dårlig tid så det kan henda han berre trør på. Eg satsar på å halda eit tempo som passar mine føter, så får det bli lengde deretter.


20040802/Raudfjellelvdalen.jpg
Raudfjellelvdalen
20040802/Kveldssol.jpg
Kveldssol


Wed,  4 Aug 2004 10:45:22 +0200 (1220, 1125)  Tysdag 03/08:  Lønstua, via Bjøllådalen, Krukki og Saltfjellstua.

Starta 0330 for å sleppa unna den verste varmen og myggen. Men sjølv om det var under 10 grader, så var forsyne meg myggen ivrig ned Raudfjellelvdalen. Men nede i Bjøllådalen hadde dei teke ferie, heldigvis...

Å gå slik å spankulera i klar, frisk august-luft, medan sola forgyller det eine fjellet etter det andre, er til å bli nasjonalromantisk av! Nede langs Bjøllåga var gras, vier og lyng dekka med dogg som sola etter kvart fekk til å glitra og skina. Uforgløymeleg!

Oppe ved Saltfjellstua hadde akkurat nokre karar kome seg or sengene, og me vart sitjande ute og drøsa nokre timar. Dei var på fisketur og brukte turisthytta som base.

Dei fortalde bl a at dei fleste observasjonar av jerv naturleg nok var om vinteren. Ein av dei hadde to gonger vore tett på jerv som ikkje hadde fått ferten av han: Nei ka du tru? Æ blei nu var hainn oppi ei lisida dær, hainn va på tur neåver. Så æg huk mæg no ner bak ein stein dær, åg fainnt fræm kamera. Mæn så va dar ein plass hainn koinn kåmm uinna mæg, åg æg såg ikkje nåkka meir tel hainn. Så æg røyst mæg no åg gjækk oppåver. Då æg sku te å kjik åver foijnna dær hainn va, såg æg beijnnt i auan påan!

Men akkurat då drog zoomen på kamera sæg ijnn, så dærmed bråsnuijdde hainn åg fær åppåver. Æg fækk nå nåkka bilde ta hainn, mæn utta zoom sjer det meijr ut som ein vått eijn ein jærv.

I 12-tida sa eg ha det, og starta turen over ein brennheitt fjellområde mot Løndal. Ein vid dal på godt 1000 m høgde som er fullstendig dekka med ur frå ende til annan! Heldigvis var det ikkje mygg der, for i så fall hadde eg kollapsa i varmen...

Vel framme snofla eg rett inn på hotellet og bestillte rett type drikke og middag. Det var ein gjest i rommet då eg kom, og han forsvann raskt. Då eg skulle gå, såg eg han sitja med glaset sitt i rommet ved sida av. Etter ei god veke med silsvetting kvar dag, og minimal kropps- og kles-vask, er det mulig enkelte finnasar reagerer. Jaja, dei om det.

Eg stavra meg dei få metrane frå hotellet til Lønstua, og var klar for kassen etter ein dryg 4-mils dag.


20040803/Bjoellaaga.jpg
Bjoellaaga
20040803/Saltfjellstua.jpg
Saltfjellstua


Thu,  5 Aug 2004 15:00:05 +0200 (1205, 1160)  Onsdag 04/08:  Argaladhytta, via Junkerdalen og Skaiti.

Nok ein kokvarm dag! Tok det difor med ro heilt til i 2-tida. Fekk blant anna sving på oppdateringa av nettsidene igjen. Det har vore gale sidan før helga.

Men så var det å rusla aust og nordover igjen. Fant endeleg mine første blautmolter! Har den siste veka sett ganske mykje og stor kart, men nå først fant eg nokre modne. Snadder!

Ved vestre Viskisvatnet vart freistinga for stor: Eg måtte ha eit bad! Etter årets lengste symjetur (sikkert over halvminuttet!), sklei eg ned til Junkerdalen og eit herlig måltid på senteret: Karbis, franske og cola! Sant Olav, dæ æ mad for oss?

Skaitidalen levde opp til forventningane mange gonger! Først langs elva på ein nedlagt veg, sidan på sti i utruleg frodig vegetasjon. Jevn, fin stigning heile vegen.

Hadde tenkt å gå innforbi Argalad og telta i finveret, men vart så gira på plassen at eg berre måtte ha med ei natt her. 5 meter nedanfor trappa glir elva rolig forbi langs ei fin lita sandstrand. Eg var uti mest før eg hadde fått av meg kleda!

Hytta er ei gammal lita bu, med ei ved- og do-bu like bak. Alt veldig ryddig og velhalde. Og på dassen var det isoporring! Det må vera snadder om vinteren!

På veggen i hytta heng bl a eit dikt av ein som heiter Kåre Nordnes. Me toler litt lyrikk i ei sådan stund. Eg siterer 2. verset:

Det bruser en bekk nær ved Argaladstrand, der sandloen spiller i moll. Der fjellsjøens bølger går tungt over sand, mot stenenes murrende voll.

Så, er det god natt...


20040804/Skaitidalen.jpg
Skaitidalen
20040804/Argaladhytta.jpg
Argaladhytta
20040804/Argalad mot Tausafjellet.jpg
Argalad mot Tausafjellet


Fri,  6 Aug 2004 08:35:08 +0200 (1140, 1175)  Torsdag 05/08:  Sulitjelma Turistsenter på Daja, 5 km sør for Sulis. Runda Balvatnet på vestsida.

Jabbadabbatrippeldu! 2/3 av turen unnagjort! Nok ein fin dag utan mygg! Dessutan har fin austatrekk halde det gåande med passeleg avkjøling heile dagen.

Traff ganske tidleg eit par eldre svenske karar som hadde telta. Dei var rigga som til ein polekspedisjon og lurde fælt på om det gjekk an å gå i fjellen med sådær skor? Ja, det trur eg då, svarte eg. Nei, vi sjønk ner i myren til midt på leggen, så vi måste ha så hær høga skor. Etterpå gjekk eg same ruta dei hadde gått, utan å bli våt meir enn til vrista!

Vel framme på dammen på nordsida, snakka eg med Ole. Han hadde ordna hytte, så det var berre å koma! Så då var det berre å bita seg i leppa og gå på dei 13 km med grusveg ned til Daja.

Vel framme vart det lag, dusj, klesvask og god mat på kafeen! Stas!


20040805/Balvatnet.jpg
Balvatnet


Mon,  9 Aug 2004 18:52:40 +0200 (1115, 1190)  Fredag 06/08:  Sorjushytta, via Sulitjelma og Ny-Sulitjelma.

Varmt, overskya og lummert frå morgonen. Rusla ned til butikken og provianterte litt. Me (Ole og eg) sala så opp og rusla oppover vegen mot Ny-Sulitjelma i fullt drøs. Innom og kikka på både ny- og gammelhøtta. Fint og flott der og, som det har vore alle stader utanom på Sandhaug.

Ovanom hyttene starta det å regna skikkeleg! På med habitten, men etter ein god time var det tilbake i kortbuksa og t-skjorta.

Inne på Sorjushytta laga me oss kveldsmat: Pannekaker!

Les i hytteboka om den eine Norge På Langs-fararen etter den andre. Og fleire nevner den harde stigninga opp frå Sulis som turens hardaste! 900 høgdemeter på 3 km. Eg og Ole hadde ikkje merka nokonting! Trur me var like gira på drøs og lag begge to.


20040806/Sorjoshytta.jpg
Sorjoshytta


Mon,  9 Aug 2004 18:53:15 +0200 (1085, 1215)  Laurdag 07/08:  Staloluokta, via Sårjåsjaure og Staddajåkkå.

Kryssa grensa til Sverige og gjekk innom hytta ved Sårjås. Der sat ei rødhåra svensk dame som ikkje innbaud til verken drøs eller pause, så me rusla vidare.

Nede ved Staddajåkkå hadde me matpause med makaroni, tomatsuppe og baconost i blandings. Bueno!

Traff så 3 tyskerar som hadde brukt 4 veker frå Karasjok langs Nordkalottleden. Dei gjekk ca 2 mil til dagen, og snakka også om at myggen av og til var eit problem. Men dei ville heller ha mygg enn regn! Som om det var eit val?

I samelandsbyen Staloluokta handla me litt middagsmat gjennom døra til det lokale supermarked, eit brakkerom! Litt lenger borte var me innom ei samekone og kjøpte eit nysteikt leivbrød. Det smakte!

Gjekk ein god kilometer vidare før me slo opp telta med fin utsikt over Virihaure, laga bål og pesto pasta med skinke. Herleg!

Vel på plass i teltet byrja det så å regna litt.


20040807/Staddajaakkaa.jpg
Staddajaakkaa
20040807/Tilbake mot Staddajaakkaa.jpg
Tilbake mot Staddajaakkaa


Mon,  9 Aug 2004 19:08:08 +0200 (1050, 1230)  Søndag 08/08:  Njallaluokta, via Arasluokta og Loddejåkkå.

Stod opp seint etter som det regna på telta og såg ut til å lysna ute på Virihaure. Svak stigning opp frå vatnet og ned til Arasluokta i nordaustre enden. Der hadde me ein liten pause ved stugorna, men gjekk ikkje bort til sjølve same-leiren.

Ny stigning først over ein rygg før ei svær hengebru over ei elv, deretter opp til eit vidt pass over mot elva Loddejåkkå. Rett ved brua låg også nokre stugor, og me prata litt med hyttvården. Ho fortalde at det nå var ca 7-8 gjester. Ho selde også litt proviant och chokladbullar! Det var runde sjokolade-kuler med kokos! Dyrt, men godt.

Slo opp telta i 7-tida med fin utsikt over vika Njallaluokta. Kokte tomat-makaroni men vart angrepne av småfluer, så me sprang i telta for å eta! Ein time etterpå var temperaturen nokre hakk lågare, og fluene var vekke!

I Padjelanta nasjonalpark er det samane som driv dei små matutsalga og stugorna. Ei overnatting kostar 190, medan det kostar 240 på turistforeningens stugor utanfor parken. Til samanlikning kostar det 75 i Nord-Norge, og 150 på dei sjølvbetjente i Sør-Norge.

Det er store avstandar til veg, så dei har difor også regulære helikopter-ruter mellom Ritsem, Staloluokta og Kvikkjokk. Snakka med ei som hadde betalt 750 skr for Ritsem-Staloluokta.

Elles er det jo mykje meir folk ute og går enn me har sett nokon stad i Norge. Stiane her er statlege, og er svært påkosta med lange strekningar med plankar å gå på. Det sparer plantedekket rundt for mykje slitasje.


20040808/Virihaure.jpg
Virihaure


Thu, 12 Aug 2004 22:07:51 +0200 (995, 1270)  Mandag 09/08:  Ritsem, via Sallohaure, Kutjaure, Kisuris og Akkajaure.

Nok ein kortbuksedag. Lett å gå nedover langs elva Vuojatedno. Innom Kisurisstugan og laga oss havregraut i fred for dei mange små svarte fluene.

Bestemte oss for å gå direkte mot Akkajaure og evt ta kveldsbåten til Ritsem. Prøvde utan hell å låna robåt i Enonjalmme. Dermed vart det eit brot i den muskeldrevne transporten for både Ole og meg. Alternativet var å følga Nordkalottleden tilbake til Norge ved Hellemobotn, og bruka eit par dagar ekstra. Me valde å følga Padjelantaleden som kryssar Akkajaure på midten der det er ca 10 km breidt, med båt.

Så var det litt proviantering og eit par-tri km på veg før telta kom opp og tennene vart pussa.


20040809/Kisuristugan.jpg
Kisuristugan


Thu, 12 Aug 2004 22:15:31 +0200 (935, 1315)  Tysdag 10/08:  Hukejaurestugan, via Sitasjaure og Kaisejaure.

La nedpå ein solid ladning havregraut til morgons, men etter 14 km grusveg og 19 km terreng var det tomt i kassen. Sjølv om me hadde eit par stopp med påfyll av litt knekkebrød og 50 gram sjokolade! Har nemlig klart det kunststykket å rekna ein dag for lite ved provianteringa!

Dermed blir det litt smalhans til me sannsynlegvis er på Bjørnefjell fredag kveld.

Finver første del av dagen, omslag til regn utpå ettermiddagen. Slo opp telta rett ved Hukejaurestugan, og laga oss middag inne i varmen.

Drøste med eit svenskt ektepar som hadde gått från Katterat på fredas. Dom hadde luggit ensamma på alla dom norska stugorna, och också haft mycket molnikt veder en dag. Så då fikk den ena stanna kvar vid ena merket, medan den andra søkte upp den nesta, så dom inte tappade varandra eller stigen.

Sen så va det den eldre kvinnliga hyttvården. Hon hadde varit hyttvård hær sedan nittifyra, och ær mycket forbannad på normenn som åker upp hit på skoter tills sjuttonde mai. Før dom suddar til stugan ock står ock pinkar på trappen som hundar!


20040810/Hukejaurestugan.jpg
Hukejaurestugan


Thu, 12 Aug 2004 22:16:02 +0200 (895, 1310)  Onsdag 11/08:  Caihnavaggi, via Ivarsteinen og Gautelishytta.

Herlig, kald vestavind heile dagen! Trua lenge med regn, men det gjekk etter kvart over til sol.

Først 5 km rett vest til grensa ved Ivarsteinen. Så eit lite vad og inn i Norge igjen. Matpause på Gautelishytta før det bar opp til over 1200 moh i eit enormt steinpass over mot Caihnavaggi. Det var eit stilig månelandskap! Over på andre sida bretta dalen seg ut nordover med nyhytta nydelig plassert ved utløpet av vatnet med utsikt både nedover og oppover. Vel framme var både hytta og annekset allerede overfyllt, så me slo opp telta rett utanfor.

Me har etter kvart pint matvekta litt langt ned, så det har blitt ein del diskusjon om korleis me best kan ordna oss for å koma til Bjørnfjell utan altfor innhole magar. Eg tok difor ein tur inn i hytta og leita etter slantar etter tidligare gjester. Det gav dårlig resultat, men då familien frå Narvik forstod kva det gjekk i, var dei ikkje seine om å trylla fram både det eine og det andre! Galbra!

Dessutan er me lova restane som er igjen etter eit par karar når dei dreg tilbake til Narvik i morgon tidlig! Skjemmevet? - Nei.


20040811/Ivarsteinen.jpg
Ivarsteinen


Fri, 13 Aug 2004 12:31:04 +0200 (830, 1300)  Torsdag 12/08:  Katterat, via Cunojavri, Oallavaggi, Kvilebua og Hunddalen.

Nok ein herlig dag utan mygg! Frisk vind og 4 gr gjer susen. Herlig gå-ver!

Rusla nedover svære moreneryggar til me fekk Storfjellet på 1901 moh midt imot. Isbre nedover mot oss. Så var det austover vide moar til Cunojavri og ein dose pannekaker med nyplukka blåbær. Snadder!

Nordover og opp dalen mot Kvilebua treffte me på ein bukkeflokk. Imponerande gevir på eit par av bassane! I kvilebua sat ein tysk far og sonen på 14-15 år. Dei tykte det var for kaldt for teltet, og ville sova der. Me laga oss ei ladning Real turmat og rusla vidare.

Etter kvart som me seig nedover Hunddalen vart det diskusjon om kva tid me skulle avslutta. Vart enige om å gå til me hadde mobildekning og kunne finna ut kva tider Ofotbanen gjekk. Men då var me omlag på Katterat, så me overnatta like godt på stasjonen!

Planlegg nå eit par velfortente kviledagar i Narvik saman med Ole. Deretter syklar han vidare, medan eg fortset til fots.

Planlegg å gå gjenom Dividalen til Kilpisjarvi for proviantering. Så Masi ca i månadsskiftet før dei siste 2 vekene via Ifjord mot Kinnarodden. Og der blir det å dingla med føtene på tuppen! Kor lenge det blir er kun eit pengespørsmål. Olav L og eg blir vel enige...


20040812/Ole Troean.jpg
Ole Troean
20040812/Mot Katterat.jpg
Mot Katterat


Fri, 13 Aug 2004 23:22:57 +0200 (815, 1315)  Fredag 13/08:  Riksgrensen, via rallarvegen, deretter tog til Narvik.

Nydelig, tilrettelagt turveg langs den gamle rallarvegen for Ofotbanen. Opprinneleg laga rundt 1900, nå tilrettelagt for familietur frå Bjørnefjell til Rombaksbotn.

Starta kl 8 og rekna med å ha god tid med 3 timar på dei 12 km til Riksgrensen stasjon. Eit stykke før Bjørnfjell sjekka Ole kartet, og plutselig hadde me dårlig tid! Då vart det slutt på praten, og farten auka til vel 7 km/t! Nådde fram i tide, og vel så det i og med at toget var 2 timar forsinka...

Så vart det Narvik, campinghytte, pizza, snop, proviantering osv til søndag. Bueno!

Jippi! Snakka nettopp med Tor Inge, nest eldste bror min, som ville vera med å gå siste veka! Det var stas!


20040813/Katterat.jpg
Katterat


Sat, 14 Aug 2004 20:02:56 +0200 (815, 1330)  Laurdag 14/08:  English update.

Well, I've passed 2/3 of the planned distance and are really happy and proud! Had a mood downer the first day after the trip to Denmark, but after that it's been very good. Looking back, it's interesting to see that the 'downer' nights always seem to occur after long walking days when I've pushed it a bit extra without eating and pausing enough. There seem to be a pretty direct link between physical and mental well being.

Pretty soon we had a period with much warmer weather, and all the flies and mosquitoes accompanying it. Not easy to deal with, but after some sweathy days I finally found myself being able to breathe almost normal inside the mosquito net. Fortunately the insects were a problem only some places for some hours at a time.

The nature presented in the beautiful weather has been absolutely awesome! From the snow painted peeks in Børgefjell and Okstindane to the green hills of Hattfjelldal, from pure stone and rocks in Steindalen and Caihnavagge to miles of grass and trees in Swedish Padjelanta National Park.

Interesting 3 days thru Padjelanta. The swedish tracks are very well maintained with board walks over wet or rugged terrain, but the huts are simpler, without sofa's and much more expensive than in Norway! So I was glad to return to Norway.

Last week I once again joined Ole, whom I also met in early June down south. We've both very much enjoyed each others company, but he's now running out of time so he'll finish his trip by bike.

My plan is to continue walking north and east for at least another 4 weeks. The Finnmarksvidda peninsula is by far the biggest in Norway, and will be a challenge, especially if the weather gets cold.


I


Mon, 16 Aug 2004 08:48:01 +0200 (795, 1355)  Søndag 15/08:  Lappjordhytta, via Rallarvegen og Pålnostugan.

Tok toget frå Narvik tilbake til Riksgrensen og takka Ole for gildt følge den siste veka. Han suste vidare på ny rasersykkel og kun ein 5 kg's sekk på ryggen! Skulle kjøpa seg mat og overnatting langs vegen mot Kibergneset ved Vardø.

Eg, derimot, måtte nærast ha hjelp for å få på sekken som nå er nærare 25 kg pga all provianten! Heldigvis har eg fått låna Ole's sekk som er mykje betre på ryggen. Har også hans mikro telt og liggeunderlag, og får dermed alt oppi sjølve sekken. Trur eg har fått flytta tyngdepunktet 20 cm opp og 10 cm nærare ryggen! Men, 7 dagars proviant vart tungt ja.

Dei nye skoa eg har brukt sidan Umbukta har gjort at turen har vorte mykje mindre smertefull for føtene. Men, siste veka har venstrefoten av ein eller annan grunn vorte litt for stor over framfoten. Har teke ut innleggsolen og fått det til å gå på eit vis, men skoen klemmer ubehagelig på litletåa og nestemann.

Kjøpte sandalar og nye innleggsolar i Narvik, og gjekk ca 15 km i sandalane langs rallarvegen. Men så vart det for kaldt når det byrja å regna, så då var det på med klemskoa igjen. Dessverre klarte ikkje innleggsolane å endra noko på vinklinga av foten, så det vart halting igjen.

Rallarvegen er tydeligvis mest brukt på norsk side, men var god å gå også på svenskesida. Etter eit par mil svinga eg av og følgde rødmerka sti ei god mil hit til Troms turlags hytte. Kom fram i halvmørkna litt over kl 22. Det merkest at det går mot haust. Pannekaker med sukker og syltetøy til kvelds!

Åleine her og, som eg har vore på dei aller fleste norske hyttene. Det virkar som om svenskane er flinkare til å bruka fjella sine.


20040815/Ved Tornetresk.jpg
Ved Tornetresk


Tue, 17 Aug 2004 09:00:47 +0200 (760, 1390)  Mandag 16/08:  Gaskashytta, via Salvasskardet og Altevannsdammen.

Nok ein fin, kald gådag! Rolig stigning over grasdekka mark ca 500 høgdemeter. Så ned i eit vidt dalføre med svære myrar ned mot Tornetresk. Vidare opp ei slak liside til Salvasskardet. Langs elva nedover til dammen, og etter 2-3 km på veg, langs nordsida av Altevatn til Gaskas.

Traff to danskar som også var på veg mot Kilpis. Dei hadde lege i telt eit par km nord av Lappjord. Begge hadde teke teknisk utdanning i Narvik, og hadde fått smaken på fjellet der. Men ski og snø var sgu det beste!

Her på Gaskas var det folk i begge hyttene, og eg tok inn saman med eit sveitsisk par og hyttevaktsparet frå Storsteinnes i Balsfjord. God drøs!


20040816/Salvasskardet.jpg
Salvasskardet
20040816/Altevatn.jpg
Altevatn


Thu, 19 Aug 2004 08:29:15 +0200 (750, 1450)  Tysdag 17/08:  Dividalshytta, via Strømskardet, Vuomahytta, langs Vuomajohka og ut Anjavassdalen.

Kald og våt føremiddag, seinare opphald og varmt. Valde å gå sørsida av Blåfjellet etter pannekakepause i Vuomahytta. Storslått utsikt mot Kistefjell med eit fint lag melis på toppen!

Traff to lag på veg innover Anjavassdalen. Prata ei stund med ein familie på 3 som skulle til Vuoma.

Korta turen eit par km ved å va Divelva, og så fekk eg skyllt skoa! På hytta losjerte eg saman med ein kar frå Tromsø. Han hadde gått ein del på Finnmarksvidda, så eg fekk ein del råd og vink for turen vidare.

Fantastisk fint kveldslys over Dividalen.


20040817/Vuomavatnet.jpg
Vuomavatnet
20040817/Dividalen.jpg
Dividalen


Thu, 19 Aug 2004 08:31:12 +0200 (725, 1470)  Onsdag 18/08:  Dærtahytta, via dalen mellom Litle Jerta og Jerta, over Skaktarjohka og aust om Stuora Nanna.

Kort, fin dag. Nydeleg lysspel mellom skyene over Julosvaggi og Stohkkeborri. Vart hefta med moltemomsing i nokre myrar ved Bumannsberget!

Hadde tenkt å gå ei stund til etter pannekaker og meksikansk gryte i Dærtahytta, men så vart det regn og gildare å vera inne...

Utanfor låg ein tysk kar frå Italia (!) i telt, så eg inviterte like godt på te og saltstenger! Han var ute på si andre veke med telt. Først ned Reisadalen frå Kautokeino, så frå Kirpis og hit. Skal heim frå Tromsø på mandag, så han rekna med å møna av nede i Dividalen.

Pål: Er enig i at 'Norge på langs' blir feil når eg svingar innom både Sverige og Finland på turen. Men 'Frå sør- til nordspissen av fastlands-Norge' vart liksom så tungvindt igjen. Jaja, eg er ikkje åleine om å vera litt omtrentlig i titteleringa. Kanskje 'Kor i hendelse?' hadde vore betre? Men då hadde eg vel fått plagiat-søksmål på nakken. Skit på...

Fot-status: Dei svindyre Nike-skoa sprakk allerede etter 2 veker, eller ca 35-40 mil! Så nå brukar eg vanntett-sokkar for ikkje å gå klissblaut heile dagen. Klemminga på venstrefoten ser eg ut til å ha kontroll på ved å teipa litt og ta ut innleggssålen. I forhold til verken eg hadde før, er det uansett ein nytelse å spasera nå!

Mage-status: Eit lite sitat for å visa magesekkens utrulige fleksibilitet. Eg og Ole dura sist fredag inn på Peppes pizza i Narvik. Då me fekk rekninga var det ei anna jente som kom. Ho kikka på rekninga: Nei, de herran må vær feil! Hær står 2 store pizza å 2 liter cola å 2 banansplit. Ka de e dåkker ha fådd? Så lot ho blikket gli ned frå to glisande skjeggetryner til to magar gravide i 8'de månad, og la rekninga på bordet...


20040818/Mot Julosvarri.jpg
Mot Julosvarri
20040818/Rein i sikte.jpg
Rein i sikte
20040818/Jerta.jpg
Jerta


Thu, 19 Aug 2004 22:35:06 +0200 (650, 1490)  Torsdag 19/08:  Treriksrøysa, via Moskanjavri, Peltsastugan og Duoibal.

Starta i 7-tida i knall blå himmel, rim i graset, damm stillt og sol over Øvre Dividalen nasjonalpark! Rusla rolig opp på ca 1000 moh og sette meg for å nyta synet av fjellet Moskangaisi midt imot. Storslått og mektig!

Kappa så av svingen vestover mot Rosta, og gjekk direkte nordaust mot Peltsastugorna i Sverige. Der traff eg eit par godt vaksne karar frå Harstad som var ute på sin årlege fjelltur. Den eine hadde eit sabla uttrykksfullt språk, men særlig barnevennlig var det jo ikkje. Han fortalde bl a nokre historier om tjuvslakting av rein på Nordkinn-halvøya som... Nei, det får bli i eit anna fora.

Etter dugelig middag på Peltsa, rusla eg vidare i kortbuksa mot Treriksrøysa. Utpå kvelden byrja han å blåsa på regn, og kleda måtte på.

Hadde tenkt å gå litt lenger mot Kilpis før eg slo opp teltet, men med regn i lufta og ei finsk åpen hytte rett ved var valget lett. Utpå kvelden kom eit finsk par, og eg fekk vita at dette var hytter som finske statskog eigde. Og som alle fritt kan bruka. Ikkje akkurat norsk standard, men godt brukande med vedovn og gassbluss.


20040819/Rakkasgurajavri.jpg
Rakkasgurajavri
20040819/Moskangaisi.jpg
Moskangaisi
20040819/Treriksroeysa.jpg
Treriksroeysa


Fri, 20 Aug 2004 21:41:31 +0200 (640, 1535)  Fredag 20/08:  Saarijervi, via Kilpisjervi.

Silregn på føremiddagen, skya og kald vind resten av dagen. Starta tidleg utan mat, for å ha plass til skikkeleg middag i Kilpis! Måtte venta ein halvtime til klokka vart 12 før den var klar, men då vart det full uttelling med kyllingbuffet og greier!

Så vart det 4 km sørover til butikken og proviantering, før det bar austover til Saarijervi ved å gå gjenom Norge akkurat over kilen! Flatt og greitt å gå, men ein god del sorpa etter alt regnet. Det kan bli litt for spennande å sjå korleis det går med skoa. Dei held på å sprikka meir og meir, og eg hjelper til ved å åpna opp der dei klemmer. Satsar på å skifta til Alfa-skoa i Masi, så håpet er at dei held dit.

Hytta har flatseng for 8-9 personar, og det var 6 stk då eg kom. Det var teltarar som kraup i hus etter eit vått døgn. Så kom det 4 til, som heldigvis slo opp telta utanfor, men som hengde dei våte kleda inne og nå driv med matlaging.

Ei interessant øving: Prøva å sova i 35 varmegrader, 110 prosent luftfukt, intens svettelukt, finsk småprat og matlagingslydar! Heldigvis har dei meldt det same veret til tysdag, så eg skal nok få det til, til slutt.

Jadda.


20040820/Saarijervihytta.jpg
Saarijervihytta


Wed, 25 Aug 2004 11:43:15 +0200 (580, 1555)  Laurdag 21/08:  Somashytta, via Kuonarjohka, Meekonjervi og Pitsujervi.

Starta i skya, grått opphaldsver. Flate morenemoar omlag til Meekonjervi. Skodda gav det heile ei trollsk og uverkeleg stemning. Stilig!

Var innom Kuonarjohka og åt knekkebrød, medan middagen vart inntatt i Pitsujervi. Då eg gjekk derifrå fekk eg ei skikkeleg regnsbøye i knollen, men det letta etter kvart, og ned mot Somasjervi vart det til og med utsikt!

Vel framme viste det seg at hytta ikkje hadde gassbluss, men etter ein del olstring med våt ved vart det ovnsvarme og middag til slutt. Og pannekaker etterpå...

Dermed er det slutt med utlendigheten for ei stund. Nå er det berre ein dag og to igjen av Troms, så blir resten av turen i Finnmark!


20040821/Vest av Meekonjervi.jpg
Vest av Meekonjervi
20040821/Riksroeysa ved Somasjervi.jpg
Riksroeysa ved Somasjervi


Wed, 25 Aug 2004 11:50:39 +0200 (570, 1590)  Søndag 22/08:  Nedrefosshytta, via Ganesjohka, Stuora Cuonjaoaivi og Vuomadat.

Skodde frå morgonen, seinare skya og litt utsikt over Reisa nasjonalpark med Reisadalen. Regn siste timen opp dalen mot hytta.

I skodda brukte eg gps'en for å finna ut kor eg var og skulle gå. Det var skremande å sjå kor fort eg sklei ut av kurs! Med vanleg kart og kompass er eg redd eg hadde havna rimelig skeivt i det flate og vide terrenget. Men Reisadalen skulle eg klart å treffa! Problemet hadde vore å koma ned. Det var det i dag og, sjølv om eg kom der eg hadde planlagt.

Reisadalen var utrulig frodig med både villrips og åkerbær. På elva såg eg eit par av dei lange elvebåtane fresa nedover stryka så vassroket sto!

Dagens etappe vart ikkje så lang i km, men i timar vart det ein del. Å kliva seg ned og leita etter kløfter som ikkje enda i stup tok både tid og krefter.

På hytta losjerte 2 geologar, ein frå Norge og ein frå Polen. Dei kom inn litt etter meg, alldeles søkkblaute. Dei heldt på med avsluttande kartlegging av eit 200 m stort felt med fossilar frå eldre kambrium, 550 mill år sidan.

'Får vi til dette vil det bli publisering på engelsk, og noe som virkelig vil sette Norge på verdenskartet for geologisk forskning!' - Så flott!

Sjøl sit eg og høyrer på regnet og gruar for dei komande 2-3 vekene på vidda. Med silregn og den låge temperaturen det har vore i det siste, og ingen hytter, kan det vel henda det hadde vore triveligare ting å halda på med.

Men, ein ting om gongen. Fyrst til Masi for proviant og skobyte!


20040822/Reisadalen.jpg
Reisadalen


Wed, 25 Aug 2004 11:51:36 +0200 (545, 1640)  Mandag 23/08:  Njivlovuopmi, via sørsida av Duorsi, Lulit Lievlamas og Biedjovaggi gruver.

Desidert hardaste og verste dagen på turen så langt! Opplett frå morgonen, men då eg vel hadde klort meg opp av Reisadalen, slo det over i iskald nordvest og regn! Måtte på med eit ekstra lag under regnkleda, og det var uråd å finna ly så det vart trasking utan mat heile dagen.

Planla å slå opp teltet etter å ha vada Njivlojohka. Men den gang ei! Etter to mislykka forsøk, der eg bl a mista eine staven medan eg stod til livet i vatn, måtte eg i full fart få opp teltet på vestsida av elva!

Klissvåt og kald vrengde eg av meg kleda og hoppa i soveposen. Så nå ligg eg i teltet med ein masse våte klede og lurer på kva eg skal gjer. Ute er det kuling og regn, så bål er uaktuelt. Har klart å turka litt klede på kroppen, men resten er så tjukke og blaute at eg er redd dei bløyter ut soveposen meir enn godt er. For å kryssa denne elva, må eg altså følgja henne oppover eit stykke, og kryssa henne del for del. I følge kartet skal det vera mulig nokre km ovanfor her.


I


Wed, 25 Aug 2004 11:52:23 +0200 (515, 1670)  Tysdag 24/08:  Bollehat ved nordenden av Soagnojavri, via Sallejohka og vest- og nordsida av Carajavri.

Låg lenge og grua og lurte på kva eg skulle gjera. Det bles stikker og strå, med litt regn av og til. Utstyret mitt er tydeligvis ikkje dimensjonert for Finnmarksvidda i slikt ver. Men, så ligg ein der likevel, med blaute klede og sunde skor!

Vel, då får ein som vanlig ta det gilde først: Stappa nedpå ein durabelig ladning havregraut for bokstavelig å ha noko å gå på. Deretter var det å trekka pusten, skli or den varme soveposen og dra på seg dei blaute og kalde kleda frå i går. Det hadde eg aldri gjort om det ikkje var frivillig!

Surkla meg så i firhjulingspor gjennom myrane langs elva, på leit etter vadestader. Ovanom eit elvedele fekk eg endeleg koma meg over noko av vassmengda. Så var det på ny firhjulingspor som omsider leia til ein vadestad som ikkje var drukna i flaumen. Slopsa over til litt over knea, og fann ein gammal lavvo som eg brukte til ly når eg tok på meir klede, og åt litt.

Oppover mot Carajavri var det blaute myrar med plenty vierkratt, så eg valde å gå vestsida som såg betre ut å gå. Men eg fekk nokre vindkuler i fleisen som trua med å kasta meg på rygg!

Siste strekket gjekk beint aust over flate heiar, med store reinsflokkar som nysgjerrig dilta etter og lurte på kva skapning det er, som ikkje gir motorlyd! Fekk også dagens regnsbøyer behagelig aktenfor tvers.

Dagens mål var starten på eit 25 km langt firhjulingspor som endar i Masi. Det såg eg borti her, men så fann eg ein lun teltplass ved ein bekk og slo til på flekken!

Har funne ei fin oppskrift på å laga passelig mykje mat: Eg måler til omlag like mykje som eg og Ole laga når me skulle ha oss mat, og så et eg alt åleine. Då blir eg god og mett!


20040824/Carajavri.jpg
Carajavri


Wed, 25 Aug 2004 22:07:59 +0200 (510, 1720)  Onsdag 25/08:  Cuollaroaivi 4 km aust for Masi, via Roggo-, Suonjer-, Buvrras- og Stuoroaivi.

Og oaivi er sikkert samisk for ås, for sånn ser det ut... Ein heil dag utan regn! Kult. Spaserte 6-7 timar langs firhjulingspor og veg og var i Masi litt over to. Der venta heldigvis Alfa-skoa i posten, og dei sunde Nike-skoa havna umiddelbart i søpla! Er villig til å tola litt verk for å kunna vera tørr og varm. Har hatt fleire nedkjølingar ved vad der eg har gått 1-2 timar før eg har fått tilbake følelsen i tærne! Ikkje gildt ein plass.

La innpå ein god osteburger på kafeen før eg provianterte. Hadde rekkefølga vore motsett, ville sekken vorte for liten! Hadde eigentleg tenkt å ta ein kviledag i Masi, men så frista det meir å koma seg i eige telt i godveret.

Snakka såvidt med ein eldre same på butikken. Han fortalte at det var vårflommen dei hadde nå! Det hadde regna kvar dag sidan 5. august, ofte heile dagane! Ikkje løye eg hadde klatt med å va der firhjulingane normalt kryssa elvane.

I morgon ber det innover vidda mot Mollesjohka og så over mot Skoganvarre. Reknar ikkje med mobildekning der, så ver forsiktige imens!


20040825/Vest av Masi.jpg
Vest av Masi
20040825/Masi.jpg
Masi


Fri, 27 Aug 2004 09:52:08 +0200 (470, 1765)  Torsdag 26/08:  Litt aust for Mollesjohka fjellstue, via Ragesluobbal og Iesjohka.

Herleg dag som vart varmare og klarare heile vegen, og som avslutta med ein nydelig solnedgang over dei låge åsane i vest!

Starta igjen tidleg og naut vindstilla og opphaldsveret. Første delen gjekk rett aust mot Ragesvuopmi over bølgande gras og krypkjerr-dekka åsar, med vatn og myrsøkk innimellom. Tok fleire pausar ved berre å setja meg på marka ved sida av sekken. Det er ei stund sidan sist!

Snakka såvidt med samen som bur fast på Rhagesluobbhal. Han dreiv å sveisa med straum frå eige aggregat då eg kom. Delelageret hans var imponerande. Bandvogn, jeep, tilhengarar, alle modellar av skuterar og mykje anna spanande! Men stort sett samla rundt verkstaden.

Vha jhei lheve ahf? Jho, jhei bhor fhast hær. Åhsså phå vhinteren khviste jhei 8 mhil mhed lhøypher, åhsså rheparhere jhei shneshkothere hær i vherksthedet. Åhm shåmmerhen khjøre jhei lhitth thurhisther. Dhe æhr 14 kjhilhomhether thil vhei. Thær har jhei philen sthåendhe. Jhei phrukhe åsså dhenne thrakhtorhen med halfphelther. Phrukhe jhei ikhe dhi, shå ghravhe dhen shei nhed i mhyra, åhg dhær phlir dhen sthåendhe, khanskje i uhkesvhis!

Blid og praten kar!

På veg nordover langs Iesjohka, over tørre moar i fin bjørkeskog, hadde eg ein lang mat, sol og bålpause i finveret! Snadder.

Slo opp teltet rett etter eit kaldt vad over sjølve Mollesjohka (johka tyder elv).


20040826/Stien foer Ragesluobbal.jpg
Stien foer Ragesluobbal
20040826/Ragesjohka.jpg
Ragesjohka
20040826/Maksver.jpg
Maksver


Sat, 28 Aug 2004 10:33:09 +0200 (420, 1790)  Fredag 27/08:  Mievttajavri, 16 km sørvest av Skoganvarre, via Cearru og Juolgelanjavri.

Nok ein fin dag, sjølv om ein kald vind frå sør gjorde at vindkleda måtte brukast.

Er frista til å sitera Nora som jublande ropte: Jippi, det nytte å masa! då ho fekk viljen sin. Eg og byrja raskt å klaga og masa om at eg var så våt og kald på føtene osv straks eg var komen til Finnmark. Og vips, jippi det nytte, så slutta regnet som hadde vart i 3 veker! Mas og godt plasserte gullhår er snadder, ikkje sant Nora?

Elles starta dagen med at eg høyrde banning på tysk! Ut av teltet for å finna ut kva dette var. Jau, der stod ein eldre tysk herremann, med bare føter etter vadet, men også med våt, oppbretta bukse! Det var nok ikkje heilt etter die Plan. Men, han fekk på seg skorne og patla seg mot Ravnastua, som var die Plan, hat Er gesagt.

Sjølv gjekk eg nordover gjennom landskap som var utrulig likt det ein ser på film frå safari i Afrika! Bølgande gras- og buskdekka sanddyner med jeepspor! Så gjekk eg nordaust over Cearru over lyng og myr i retning Skoganvarre. Eit fantastisk syn då det siste fjellpartiet med høgdar over 1000 m kom til syne nord for Skoganvarre!

Mat i heia: For å spara vekt, er det best å bruka mest mulig tørrmat. Så blir det å blanda rett mengde vatn med dette. Men, ulempen med dette er det få som snakkar om, nemlig at kroppen raskt avslører lureriet og umiddelbart kjører motsett prosess! Så rimelig raskt etter måltidet er vatnet utskilt, og klar for å gå tilbake i det ytre kretsløpet igjen. Om dagen er dette heilt greitt, men om natta, inne i eit lite telt, er det noko herk. Ut av varm sovepose, oppi kalde skor og ut i sur vind, nei det burde kunna gjerast enklare.

Og det, kjære hankjønn, det gjer det for oss i alle fall. Eg fekk tipset av ein som vil vera anonym, og dersom du lovar ikkje å seia det til nokon, skal eg fortelja deg det. Men det forutset eit telt med fortelt på sida...

Nettopp, du åpnar opp dei nødvendige åpningar i innertelt og klede, rullar over i stabilt sideleie og lar det stå til. Alt etter utforming av kroppsdelar, bakke og innertelt, kan det vera nødvendig å forma kroppen som ein omvendt banan, men det gjer godt å tøya magemusklane litt. Men, dette skjer oftast halvsovande og i mørke, så det kan fort bli noko sabla søl og (slapp av Ole, teltet ditt er like fint, trur eg). Dersom du midt i seansen skulle høyra den fine og velkjente lyden av ei potte som fylles, har du sannsynligvis gløymt å flytta vekk matgryta. Hugs å sjekk innhaldet før du et eventuelle restar dagen etter. Lukt? Litt frå eller til spelar ingen rolle.

Etter litt innleiande klatt, lærer ein seg fort å sjekka bakkens dreneringsevne, rydda vekk sekk og reimer osv før (!) natta fell på.

Alt dette har det blitt meg fortalt.

Damer: Spring til næraste sportsbutikk og klag på denne diskremineringa! Forlang fortelt med do og varmekablar ved neste teltkjøp! Kva? Har de alltid brukt forteltet på den måten? Å fillen...

Forresten, når de først er i seget, spør også etter vadesokkar med varmekablar. Sallan så kalt det er å va nå...


20040827/Mot Skoganvarre.jpg
Mot Skoganvarre
20040827/Vest av Skoganvarre.jpg
Vest av Skoganvarre


Sat, 28 Aug 2004 21:48:05 +0200 (400, 1800)  Laurdag 28/08:  Skoganvarri camping, via Guopposoaivi og Savknojavri.

Finver igjen! I dag vart det til og med kortbukse i låglendet ned mot Skoganvarri. Kort etappe gav og mulighet til å nyta herlege molter og blåbær! - Og så regna og bles det heime. Så synd å måtta vera der då!

Her på campingen er det god gang, laurdag og greier. Stereoanlegga durar om kapp, og flaskene smell. Sjølv har eg fått vaska kropp og klede, og nyt livet innandørs i ei lita hytte.

Planlegg å traska E10 til Porsangermoen, og sikta meg inn aust mot 1000- metringane der. Deretter nord til Kunes for proviant, og til Ifjord for å treffa Tor Inge.

Så, meinen Damen und Herren, blir det brødre-angrep mot det ultimate nordlige fastlandspunkt!


20040828/Blaabaer vest av Savknojavri.jpg
Blaabaer vest av Savknojavri
20040828/Nordvest mot Alta.jpg
Nordvest mot Alta


Mon, 30 Aug 2004 07:13:07 +0200 (370, 1825)  Søndag 29/08:  Halkavarri, søraust-sida, via Porsangmoen og skytefelta.

Skya, mildt og stillt. Kortbukse-trasking langs veg, først 8-9 km asfalt til Porsangmoen, deretter eit par mil grusveg til oppunder Halkavarri (1045 moh). Til slutt 4-5 km firhjulingspor til ein fin teltplass inne i ei ravine ved ein bekk. Fin utsikt sørover vidda.

Går i ei litt merkeleg stemning for tida. Har nå starta siste veka åleine på turen, så blir me to nokre dagar før heile eventyret faktisk er over! Føler det har vore så mange ting som kunne skje, og ikkje minst så grassat mange timars gange som måtte til, at eg ikkje har greidd å tenkja meg heile turen til endes.

Har heile tida prøvd å fokusera på at det eigentlege målet er kvar dags opplevingar undervegs.

Dette har eg ikkje vore flink nok til. Det har vorte for mykje fokus på prestasjonen som må til for at turens definerte endepunkt skal nåast innan tida som er avsett. Likevel, kvar enkelt må jo sjølv bestemma seg for korleis dei vil utføra noko, og eg har valgt min variant. Eg har gleda meg over å kunna gå 8 til 12 timar dagleg, og ville sannsynlegvis gjort det same på nytt, om enn ikkje med det same fottøyet eller ryggsekken...

Dessutan lar eg altfor lett småproblem, som f eks smertene under føtene, overta fokus, og dermed hindra meg i å gripa dagen. Diverre gjeld det ikkje berre under turen, men i det daglege elles og...


20040829/Porsangmoen skytefelt.jpg
Porsangmoen skytefelt
20040829/Tyttebaerfoss.jpg
Tyttebaerfoss


Tue, 31 Aug 2004 11:08:34 +0200 (365, 1815)  Mandag 30/08:  Halkavarri!

Ju bett!



Tue, 31 Aug 2004 11:08:34 +0200 (340, 1855)  Mandag 30/08:  Njearrinjalggat, via sør- og austsida av Luostergaisa og opp langs Gottejohka.

Nok ein knalldag etter litt nattlig regn! Starta dagen tidleg med ein tur utan oppakning, til toppen av Halkavarri på 1045 moh. Litt skodde akkurat på toppen, men rett nedanfor var det ei sabla utsikt! Fekk også eit visst inntrykk av elva Luosterjohka, som eg planla å va seinare.

Så var det ned og pakka og få på seg riggen igjen. Ned til elva, gjennom myr og vier. Klarte å trø uti ein bekk til over skoa! Jaja, fina veret, fekk soltørka dei i kvar pause utover dagen. Vadinga gjekk greit, og det bar oppover lia på andre sida. Heile dagen hadde eg plenty nysgjerrig publikum. Reinsdyra kvepp til med det same dei ser deg, men tek seg jamnast ein runde ekstra for å sjekka nærare etterpå.

Landskapet på slutten, og her rundt teltet, virkar nærast surrealistisk. Svære moreneryggar og -haugar som har vorte dualeg masserte av store vassmengder ein gong i tida. Nå er dei så utvaska at det meste av vatnet forsvinn inn i massane.


20040830/Halkavarri.jpg
Halkavarri
20040830/Utsikt soeraust fraa Halkavarri.jpg
Utsikt soeraust fraa Halkavarri
20040830/Raisttigaisa som bakgrunn.jpg
Raisttigaisa som bakgrunn


Tue, 31 Aug 2004 11:07:45 +0200 (340, 1885)  Tysdag 31/08:  Rastigaisa!

I kortbukse på 1067 moh i slutten av august, i Finnmark! Finland mot sør, Finnmarksvidda i sørvest, Gaissat i vest og Laksefjordvidda i nord. Full kontroll...


20040831/Mot soervest fraa Rastigaisa.jpg
Mot soervest fraa Rastigaisa


Tue, 31 Aug 2004 21:25:12 +0200 (300, 1873)  Tysdag 31/08:  Vuonjaljohka, via Rasttigaisa.

Ennå ein kortbuksedag! Skal sei gullhåra trivst. Burde kanskje skaffa meg ein spegel? - Nei, ved nærare ettertanke trur eg eg lar det vera.

Pga finveret la eg om ruta slik at eg starta med å gå rett aust mot Rasttigaisa, langs ein terrasse litt oppe i sida. Det tok likevel 2-3 timar å koma borttil, og minst ein time opp! Tvilar sterkt på at det var ei første-bestigning, i og med at eg følgde ei merka skuter-løype heilt opp!

Vel oppe var det berre å finna fram kameraet og skyta i veg. Utsynet var fullt på høgde med det beste i utlandet, berre betre...

Som den relativt lærenemme person eg er, i alle fall når det gjeld ting EG kan ha nytte av, hadde eg lært 'the hard way' at dalar i Finnmark er myr og kratt, medan åsar er tingen å gå på. Så difor starta eg ei snorbein linje rett nord mot Kunes. Dette fungerte godt lenge, sjølv om eg stussa på at åsen Vilgesrassa var grå og ikkje grøn. Men, etter ei stund vart småstein og grus bytta ut med delvis laus storstein, i kilometervis! For ein steinørken! Klarte omsider stilltra meg langs elva Vuonjaljohka eit stykke nedover dalen til eg fann ei lita flate det gjekk an å få teltpluggane nedi.

Torer mest ikkje tenkja på om eg skulle ha rota meg inni det landskapet i skodde og regn. Då er eg redd eg hadde gått heilt tom, og utan nokon plass å få opp teltet, hadde det vorte heise. Får prøva å hugsa det til neste gong...

Har tenkt litt på det Målfrid skreiv om det var noko eg ønskte meg osv.

Når du eigentleg har det som plomma i egget, ja, kva ønskjer du då? Meir plomma?

Nei, eg har meir enn eg treng her og. Eg savnar sjølvsagt familien, og kunne godt tenkt meg å ha hatt turfølge, ikkje minst for å ha hatt nokon å mimra og minnast saman med.

Men akkurat når det gjeld turfølge, føler eg at dagboka og gjesteboka på nettet har gjort saknet mindre. At nokon gjennom å lesa om mine opplevingar på eit vis opplever noko av det eg gjer, og gir tilbakemelding, er jo noko av det same eit turfølge ville gjort. Det er ikkje få gonger eg har skrudd på mobilen oppi eit vindfullt skar, fått kontakt, sendt orda og bileta mine, og spent lese gjesteboka. Og det er heller ikkje alltid vinden som har vore grunnen til at eg av og til har måtta blunka litt ekstra for å kunna sjå klart. Så, gjestebokskribentar, de skulle vore gullforgyllte alle i hop! Tusen takk for kjærkomne ord, anten det har vore tull eller tøys!

Elles har eg ikkje følt at eg har gitt avkall på noko. Men det heng også saman med at eg har vore svinheldig med veret, og at eg har valt å bu mykje i turisthytter. Dermed har eg stort sett sluppe våte klede og traurig matstell.

Hadde eigentleg tasta ferdig for kvelden, men så var eg ut for tannpuss og fekk sjå månen koma opp i aust. Ikkje vind, klar luft, fin elvesus, eg åleine i denne verda. For eit eventyr!


20040831/Vilgesrassa mot Rasttegaisa.jpg
Vilgesrassa mot Rasttegaisa
20040831/Maanelys.jpg
Maanelys


Wed,  1 Sep 2004 21:39:02 +0200 (250, 1900)  Onsdag 01/09:  Store Måsvatn, sørvest, via Stuorraskaidi og Kunes.

Strålande morgon, men det skya over då eg kom lågare ned. Gjekk langs Vounjaljohka eit stykke, men vart tvinga opp igjen på 300 m terrassen då eg kom til eit juv. Følgde terrassen nordover parallellt med vegen, og var framme i Kunes litt over eitt. Då skulle dei til å stenga for å ha siesta til fem, men eg slapp inn 'førr vi e nu hær likvæl'.

Etter proviantering rusla eg langs hovedvegen ei stund, før eg tok inn austover langs ein anleggsveg. I morgon rundar eg Store Måsvatn og går ned til Ifjord.

Skjeggasen som dreiv sjappa i Kunes, var drøsen og fortalde blant anna at det hadde vore innom ein tsjekker tidligare i sommar. Han var nå 24 år, og hadde gått dei 4 siste åra! Han kunne mest ikkje andre språk, men dei forstod at han nå kom frå Russland og skulle verda rundt, til fots. Han hadde ikkje telt, berre ein slags gapahuk. 'Så du bli nok ein smågut du, mot hainn dern karn!'

Jo takk som byr, men eg har meir enn nok med min personlige målestokk for kva som er gjevt og ikkje. Turen min er meir enn hard og omfattande nok for meg, og det held i bøtter og spann.

Elles har eg lyst å kritisera mi eiga nettside litt! Eg får jo vanligvis ikkje sett den sjølv, men då eg var i Danmark, var eg på biblioteket og lånte pc der. Og det første som slo meg då eg såg alle vimplane, var alt det som mangla mellom dei!

Det mangla timavis med regn, vind, sol, kulde, varme, slit, svette, sorg, glede, savn, lukt av jord og gras, bekkebrus og fuglasong! Ikkje noko av det som faktisk utgjer sjølve turen. Berre nokre vimplar som fekk det heile til å sjå ut som eit spel, og som ein kunne velga mellom på brøkdelar av eit sekund. Medan det eigentleg er mange timar oppleving mellom kvar...

Litt illustrasjon: Neste gong du er ute og spaserer, sjekk då dei blanke kilometerskilta langs vegen. Gå ein kilometer og merk deg kor lang tid det tek. (Nei, sykling er fjusk) Så gjer du det same med 10 kilometer. (Ja, eg veit at det er det ingen som gidd, men tenk deg det då) Så gjer du det siste 3 gonger, med tunge fjellsko og ryggsekk på ca 20 kilo. Då har du gått 30 km, ein dagsetappe tilsvarande avstanden mellom to vimplar på nettsida. Så fortset du med dette kvar dag i 83 dagar. Då har du gått ca 2500 km, som er forbløffande likt avstanden frå Lindesnes til Kinnarodden!

Slike tankar er det godt å få hjelp til å fortrenga når ein er ute på ein slik tur. Og lesing av gjestebokinnlegg, anten det er om turen eller noko anna, hjelper definitivt. Sekken letnar fleire kilo, føtene sparkar i veg og 'hu hei kor er det vel friskt og lett, oppå fjellet, oppå fjellet' sviv i knollen!


20040901/Haust.jpg
Haust
20040901/Blaabaerknekkis.jpg
Blaabaerknekkis


Fri,  3 Sep 2004 00:07:42 +0200 (200, 1900)  Torsdag 02/09:  Lebesby, via Tredjevatnet og Ifjord.

Blå himmel og sol, men med ein kald sønnavind som tok skikkelig tak på toppane. Først langs anleggsveg på sørsida av Måsvatn, så 4 km i fint lågfjellsterreng til Tredjevatn før traktorveg til rv 96.

Var eigentleg tenkt å stoppa i Ifjord, men campingen såg så basjen ut, og så fannst det ikkje mobildekning, så eg rusla vidare.

Stoppa ved eit hus og spurde etter dekninga utover, og då vart eg beden på kaffi! Sette meg ned ei stund og naut turens første kaffi-invitasjon. Folkens, kjem det ein forhutla vandrar i din veg, så ver så snill å by han inn! Som han sa, skjeggasen på Kunes: Det er bare greie folk alle disse langveis gående og syklende, for de er avhengige av hjelp av og til, og er de ikke greie så får de ikke no hjelp!

Det viste seg at mannen som sat der var reindrift-same med hus i Karasjok, men også hytter over alt ellers!

Hvorfhor prhuke thu ikke heller komagger å sænnegræss phå føttene? Vi sydde på dem shykkeldekk, åg shmorte dem inn me thjære så dem ikkhe skhulle rhåtne. Om jhei phruke dhi? Nhei, dem har jhei ikkhe phrukt på tyve-trædve åhr!

Akkurat, men eg skulle...

Så vart det 17 km asfalt-trasking til eg kom til Lebesby. Der fann eg ein stor bygning som hadde ein utvendig straumkontakt, så der stal eg straum til mobilbatteria. Vart også der invitert inn på kaffi, og utpå kvelden var me to lærarar og meg som sat og drøste. Den eine eigentleg frå Drøbak, og den andre frå Kristiansand. Trivelig!

Dermed er siste dagen som einsom vandrar over! Tor Inge er på veg med bil, og reknar med å vera her til natta ein gong.


20040902/Lebesby.jpg
Lebesby


Sat,  4 Sep 2004 13:30:11 +0200 (175, 1925)  Fredag 03/09:  Mietterassa, via Davvesiidnjarga, Bekkarfjord, Postskardet og Nikolasvatnet.

Overskya, relativt mildt og opphald. Tor Inge rulla inn til Lebesby i 8-tida! Då hadde han kjørt 248 mil på 2 dagar!

Me gjekk på butikken og provianterte som om me skulle gå heim igjen utan stopp, lesste på oss sekkene og valde å gå tyngste ruta over fjellet til Bekkarfjord! Måtte jo prøva å halda han vaken på eit vis...

I Bekkarfjord var me innom og fekk kaffi hjå ei garda-kona frå Jørpeland. Bekkarfjord har visstnok Europas nordligaste gardsbruk, og har dei siste åra opplevd ei oppblomstring med unge folk og ungar.

Så valde me å følga ein gammal postveg nordover, utanom ein liten stubbe på veg. Var spente då me klorte oss opp på 300 m høgdene mot Hopseid. Hadde høyrt at det skulle vera reine steinrøysa. Det stemte heldigvis ikkje, så me hadde ein fin tur inn til ein liten bekkadal der me fant flatar til telta. Men det er lite ly, så me håpar på lite vind utover natta.

Herleg med turfølge igjen!


20040903/Tor Inge og primus.jpg
Tor Inge og primus


Sat,  4 Sep 2004 21:49:46 +0200 (105, 1920)  Laurdag 04/09:  Rundvatnet, ved vegkrysset Hopseid - Mehamn - Kjøllefjord, via Njearrin, Smielvdalen og Hopseid.

Sol og varm, hard vind frå sør heile dagen. Starta litt over 7 for å nytta veret best mulig. Langtidsvarselet er nordvest kuling med regn, så me gassar på nordover. Nydelig å gå i terrenget godt aust for veien, sør for Hopseid. Langs vegen frå Smielvdalen via Hopseid til Rundvatn.

Kom hit rimelig sårføtte i 7-tida i kveld. Lødde nedpå ei god dose Real turmat, kaffi, sjokolade og Baastad før me gjekk i kvart vårt blafrande telt. Satsar på at me klarer å brekka føtene på plass i morgon tidleg, og slå hol på landet utpå dagen!

Litt kavete avslutning, men teorien er heller å vera utkava av vandring enn av regn og kulde. Likevel, me trivst med både ver, natur og kvarandres selskap! Med Tor Inge blir det også kaffikoking i kvar pause, og det er stas!

I dag hadde me lengste stoppen i bakkane nord for Hopseid, og der fekk me studera simle med kvit kalv berre 10 meter nedanfor!

Allting har sin ende, så også landet og dermed turen. I dag traska eg turens siste mil på veg, og DET kjem eg ikkje til å sakna.


20040904/Njearrin.jpg
Njearrin
20040904/Hopseidet.jpg
Hopseidet


Sun,  5 Sep 2004 15:56:59 +0200 (66, 1925)  Søndag 05/09:  Kinnarodden kl 1530!

Dermed er flagget planta og turen gjort! Ca. 2500 km med hovedsakelig utmark er spasert, og ei fantastisk oppleving er over. Nå blir det å karra seg til Mehamn og koma seg på heimveg.

Fantastisk stilig plass!

Vil nytta høvet til å takka dei mange som på ulikt vis har vore med på å gjera turen til eit fantastisk eventyr!

Mange takk til: - Birgitt, Borghild, Olav og Anne-Margit for å la meg få lov å vera så lenge vekke, og for å ha sendt meg sko og utstyr undervegs. - Anne-Karin og ConocoPhillips for permisjon frå arbeidet. - Sigmund og Borghild for transport til Lindesnes. - Kåre, Arne og Arnfinn for fint lossement og lag ved Øyarvatn. - Ole for gildt turfølge og lån av utstyr. - Trond for turfølge i snøstorm! - Agnar for overnatting i Skoti og for transport til Røldal. - Ivar for overnatting på Bulken. - Verten på Teveltunet for hjelp med å få tak i karta. - Vertskapet på Umbukta fjellstue for suveren hjelp. - Tor Inge for turfølge og henting i nord.

- Alle turistforeningane for gode ruter og hytter. - Alle hyttevertane for alt arbeidet dei gjer for at me andre skal få det trivelig. - Gjestebok-skribentane for inspirasjon og humor. - Dagbok-lesarane for inspirasjon til å prøva meg som skribent. Nett-statistikken syner at det kvar veke har vore minimum 150 personar innom og lese i gjeste- og dagboka! - Mine to hovudsponsorar som eg er så uløyseleg knytta til. Utan dei, ingen spasering. - Mine to støttesponsorar for eit godt grep rundt stavane og bokstaveleg støtte. - Telenor for å ha ganske god dekning også i fjellet. - Nokia for ein velfungerande mobiltelefon og for ordliste-funksjonen som har hindra tommel-betennelse. - Nike for å laga behagelige sko.

Fy til: - Telenor for å ha rota vekk fleire epostar utan å gi tilbakemelding. - Nokia for å ha gløymt vidaresend funksjonen for sendt epost. - Nike for å laga sko med elendig kvalitet.


20040905/Kinnarodden.jpg
Kinnarodden
20040905/Paa Kinnarodden.jpg
Paa Kinnarodden


Sun,  5 Sep 2004 20:17:21 +0200 (80, 1925)  Søndag 05/09:  Sandfjorddalen, via Kinnarodden!

Etter 99 dagar og ca 2500 km planta eg omsider flaget på toppen av Kinnarodden kl. 1530 i dag! Då var det jabbadabbado! og kun øyrene som stoppa gliset.

Rimelig hard avslutning pga mykje storsteina ur som var våt etter nattas regn. Men veret og marka vart berre betre og betre utover, så siste delen gjekk i kortbukse!

Fantastisk stilig fjord med ei lang, kvit sandstrand innerst, og Kinnarodden som ein stilig spiss ytterst på nordsida.

Til saman har eg hatt pause i 16 dagar, dvs at eg har vandra i 83 dagar. Det gir eit snitt på 30 km pr dag. Men det viktige er kva som er opplevd!

Nei, eg må koma meg ned til teltet før det blir for mørkt. God natt!


20040905/Sandfjorden.jpg
Sandfjorden
20040905/Sandfjorddalen.jpg
Sandfjorddalen


Mon,  6 Sep 2004 09:46:14 +0200 (66, 1940)  Mandag 06/09:  Kinnarodden, the northern most point of mainland Norway and Europe!

Yabbadabbadoo! I made it! I've spent a summer walking from the southern to the northern most point of mainland Norway! And, most important, have had a great time doing it! Not all of the time, but almost..

An adventure is over, and what an adventure! I've been lucky and enjoyed the mountains and valleys of our beautiful country under almost perfect walking conditions: Very little rain, very few really cold or hot days, not too much mosquitoes and hardly any fog.

The last leg of the trip was the one I've been most anxious about. It's far north, and it's autumn time with higher risk of having cold and wet weather. As it turned out, I got sun burned!

Magnificent mountains, lakes and valleys in the Dividalen national park. Nice roaring hills in Sweden and Finland. Wide, green 'waves', with nice birch forests in the lowest parts, on Finnmarksvidda. Impressing peeks and enourmous areas of stones in the mountains east of Alta. The bare, stone filled mountain-like landscape only reaching a couple of hundred meters above sea level, on the half island up to Kinnarodden.

The bare facts about the walk: 2500 km (1550 miles). 99 days in total. 16 days pause, including 2 week long trips to my family. An average of 30 km (18.6 miles) per day of walking.


20040906/Mehamn.jpg
Mehamn


Tue,  7 Sep 2004 08:28:20 +0200 (80, 1945)  Mandag 06/09:  Mehamn, via Kobbvågvatna.

Regnbøyer og knallhard sørvest saman med storsteina ur og mange tverrdalar gjorde returen frå Sandfjorddalen alt anna enn enkel! På den andre sida, kven har sagt at det skal vera enkelt...

Men, etter 5-6 timar var me omsider innlosjerte på hotellet i Mehamn. Og det meldte veret med kulde, kuling og regn starta for alvor. Han svinga over på nordvest og ga gass! Så me sette oss godt til rette på bakeriet med ferskt bakverk og naut synet av dritveret utanfor!

Prøvde å få leigebil for å få oss ein tur til Gamvik og Slettnes, men begge var opptekne! Det vart rolig kveld i Mehamn med hurtigruteanløp, pizza og aviser. I morgon tidleg kl. 7 tek me bussen tilbake til Lebesby, og så startar bilturen gjennom Norge heimover.

Dermed er spaserturen min, frå fastlands-Norges sørligaste til nordligaste punkt sommaren 2004, definitivt over! Den vart langt frå slik eg hadde trudd, men veldig lik den eg hadde håpa på!

Det eg sjølv er mest nøgd med når det gjeld sjølve gjennomføringa, er: - At eg ikkje gav opp i Lyngdal då kvart steg føltes som å gå på glødande kol. - At eg hadde flaks og fekk til å fortsetja til fots frå Finse, etter sene-betennelsen i foten. - At eg fortsette etter å ha halvvegs avslutta turen i Røyrvik. Nord-Norge var verkeleg ei fantastisk oppleving! - At avslutninga vart så vellukka, både med ver, natur og lag. Avslutninga har ein tendens til å prega minnene frå heile turen.

Då står det berre att å seia takk for meg.


I